Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Stord-politiet måtte ta hand om ein særs vanskeleg kar ved Børøyfjorden på Bømlo onsdag føremiddag.

Det var i 11-tida onsdag at politiet fekk tips frå vitne som hadde observert at mannen ramla på sjøen fleire gonger.

– Me køyrde då ut til Finnås-vegen, der me fekk hjelp frå ein av dei som meldte frå til å kome oss ut til mannen. Me måtte ut på sjøen og få han inn, opplyser operasjonsleiar Brit Randulff ved Sørvest politidistrikt.

Men det skulle vise seg å bli lettare sagt enn gjort. Politiet opplyser at dei brukte fleire timar på å få mannen i 30-åra, som sat naken i fritidsbåten, med inn til land.

– Mannen var rusa og aggressiv. Han truga begge tenestemennene, og blir også politimeldt for forsøk på vald mot offentleg tenestemann.

Til slutt fekk politiet has på mannen, som vart frakta rett i arresten.

- Annonse -

– Han vil bli politimeldt for køyring i rusa tiltand, vald mot offentleg tenestemenn, trugslar og oppbevaring av narkotika, seier operasjonsleiaren.

Mannen i 30-åra er heimehøyrande på Bømlo og er ein såkalla kjenning av politiet.

Hendinga skjedde i Børøyfjorden, som ligg like vest for Moster på Bømlo.

- Annonse -