Foto: Kværner
- Annonse -

Mange utan fullført vidaregåande skule, færre yrkesaktive og eit einsidig næringsliv vert trekt fram som dei største utfordringane for næringslivet i Sunnhordland.

I følgje den årlege publikasjonen «Hordaland i tal», som fylkeskommunen gav ut i førre veke, så slit Sunnhordland med ei rekkje utfordringar innanfor utdanning og næringsliv som er med på å svekkje konkurransekrafta til regionen.

– Desse tala viser at Sunnhordland framleis ikkje har kome seg skikkeleg igjen etter sjokket dei vart råka av, seier seksjonsleiar for forsking- og analyseavdelinga i Hordaland fylkeskommune, Kathrin Jakobsen.

Når det gjeld utdanningsnivået så har prosentdelen av folk med høgare utdanning i Sunnhordland dei siste 20 åra gått opp frå 14,4 prosent til 24,8 prosent. Det er likevel eit godt stykke under gjennomsnittet i Norge, som ligg på 32,9 prosent.

Stord kommune nærmar seg landssnittet med 30 prosent med høgare utdanning i Sunnhordland, og er dermed på topp i Sunnhordland og nummer to i heile Hordaland etter Bergen.

Fitjar, Tysnes, Bømlo og Kvinnherad hamnar bakpå, der fattige 22 prosent av befolkninga har høgare utdanning.

- Annonse -

Mange utan utdanning

Men seksjonsleiar Kathrin Jakobsen meiner det største problemet er dei som ikkje har fullført vidaregåande. I Sunnhordland ligg dette talet høgt.

Over ein fjerdedel av befolkninga i Sunnhordland, 26,3 prosent, har ikkje fullført vidaregåande utdanning.

– Talet på innbyggjarar med grunnskule som høgast fullførte utdanning er høgt i Sunnhordland samanlikna med dei andre kommunane i Hordaland. Det er ikkje bra. Det er desse som er dei mest sårbare i arbeidsmarknaden, og er i faresonen for å falle ut av arbeidslivet, seier Jakobsen.

Seksjonsleiar for forsking, internasjonalisering og analyse i Hordaland fylkeskommune, Katrin Jakobsen. Foto: Hordaland fylkeskommune

Sunnhordland scorar derimot høgt på talet på fagarbeidarar, noko Jakobsen framhevar som positivt.

– Det å ha mange fagarbeidarar er ein styrke for ein region. Det som er viktig er at delen med grunnskule er så låg som mogleg.

Færre yrkesaktive

Ein annan uheldig utvikling i Sunnhordland dei siste året er at det har blitt færre personar i yrkesaktiv alder. Ved utgangen av 2015 var det 31.617 yrkesaktive i regionen, mens dette talet eitt år seinare var redusert til 31.085, ein nedgang på nær 600 personar.

Samtidig vart talet på arbeidsplassar redusert frå 28.126 ved utgangen av 2015 til
27.483 i 2016. Dette er ein nedgang på heile 2,3 prosent. Likevel har dette talet truleg auka noko i løpet av 2017.

– Dette viser at Sunnhordland ikkje heilt har kome seg igjen etter oljekrisa. I utgangspunktet er jo dette ein sterk industriregion, men utfordringa er no å halde tridt med utviklinga og bygge opp kompetansen i regionen som er i samsvar med behova som næringslivet har. Sunnhordland har gode føresetnader for å klare det, men må stå på.

For første gong så er det no fleire arbeidsplassar på Stord innan tertiærnæringane (handel, tenesteyting etc.) enn i sekundærnæringar (industri, bygg og anlegg, etc). Det same gjeld på Bømlo.

Dette er ein trend som har utvikla seg over mange år. Frå 2009 til 2016 ser ein at det har blitt stadig fleire arbeidsplassar innan handel og tenesteyting og innanfor offentleg sektor-

– Men framleis har både Stord og Bømlo begge ein stor sekundærnæring. Då blir dei spesielt sårbare overfor konjunkturendringar. Det er nok forklaringa på situasjonen ein er i no. Utfordringa for Sunnhordland er kort oppsummert å skape fleire arbeidsplassar, seier Jakobsen.

Fleire startar bedrift

Den positive utviklinga er at stadig fleire startar eigen verksemd. Som Stord24 skreiv førre veke, har talet på nyetableringar på Stord gått opp med 50 prosent i 2017.

Men baksida av medaljen er at med fleire nyetableringar følgjer fleire konkursar. Hordaland er no faktisk det fylket i landet med størst konkursrate.

– Me har registrert etter oljeprisfallet at fleire starar eigen verksemd. Det er veldig positivt, men det kan vere negativt også. For overlevelsesraten for nye bedrifter har gått ned og konkursraten har gått opp. Utfordringa blir å støtte opp om nyetableringar for å få flest moglege vekstkraftige bedrifter.

– Veit de kvifor konkursraten er så høg?

– Det blir litt synsing, men ei forklaring kan jo vere at det er fleire startar eigen verksemd som kanskje ikkje har erfaring med å starte bedrift, seier Jakobsen.

Viktig med forsking

Fylkeskommunen meiner det er svært viktig for fylket sin konkurransekraft framover at det vert satsa på forsking og innovasjon.

– Innovasjon står sentralt i den fasen Hordaland no er inne i og er blitt viktigare enn nokon gong før. For å lukkast med dette må bedriftene tørre å satse på forsking og dei må trekkje vekslar på kompetansen til menneska som bur i regionen.

Ho peiker på at sjølv om utdanningsnivået går opp, så betyr ikkje det at det vil vere behov for denne kompetansen i framtida.

– Trenden er at næringslivet i Hordaland nyttar stadig meir pengar på forsking og utvikling, men framleis mindre enn i andre fylke. Utdanningsnivået har aldri vore så høgt som no, men spørsmålet er om befolkninga har den kompetansen som arbeidslivet treng i framtida, oppsummerer fylkeskommunen.

- Annonse -