SKL-direktør Magne Heimvik har vore sjef i SKL i 20 år. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Styret i SKL tek sikte på å tilsetje ny administrerande direktør i midten av desember.

– Me har ein god prosess i å finne ny administrerande direktør. Nærare 30 søkjarar melde sin interesse for jobben innan fristen 15. oktober, melder konserndirektør for HR i BKK, Terje Bøe.

SKL sitt intervju- og innstillingsråd, sett saman av SKL sine eigarar og tilsette, har hatt samtaler med eit utval av søkjarane. No står dei beste kandidatane att.

– No går me vidare med kandidatane som passar best til vår ønska profil, og som i tillegg til rådet sine eigne vurderingar også omfattar råd frå frå rekrutteringspartnaren vår Mercuri Urval.

Presentert for styret

Når rådet har bestemt seg for ein kandidat, vil vedkomande bli presentert for styret i SKL.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Målet er å få til ein tilsetting i første halvdel av desember, seier Bøe.

Magne Heimvik går av som administrerande direktør ved årsskiftet, etter å ha leia selskapet i 20 år.

62-åringen gir seg då han har nådd pensjonsalder.

– Han kom til selskapet i 1985, og i 1997 tok han over som adm direktør. Magne seier SKL har vore ein særdeles spennande og interessant arbeidsplass i ei tid der både samfunnet og rammevilkåra for kraftselskapa har vore i stadig endring, heitter det i ei uttale frå SKL.

- Annonse -