Meslingar forårsakar eit karakteristisk raudt utslett, som kan gi ei rekkje alvorlege komplikasjonar hos barn. Foto: Flickr (CC-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Smittevernlegen i Fitjar, Waleed Shaie Brisam, reagerer sterkt på at foreldre i Fitjar er blant dei dårlegaste i Norge på vaksinasjon mot meslingar.

Eit stort fleirtal av norske 2-åringar blir vaksinert for meslingar. Nasjonalt har 96 prosent av alle 16-åringar blitt vaksinert for den svært smittsame sjukdomen.

Men nokre kommunar skil seg ut med særskild låg dekning. Ein av dei er Fitjar, der berre 82,1 prosent av 16-åringane har denne vaksinen, i følgje ferske tal frå Folkehelseinstituttet.

Det er berre fem kommunar i Norge som har ein lågare dekning for meslingvaksine som Fitjar.

Smittevernlege i Fitjar, Waleed Shaie Brisam. Foto: Fitjar legesenter

– Strevar med nokre familiar

Dei nedslåande tala får smittevernlege i Fitjar, Waleed Shaie Brisam, til å reagere.

– Me strevar med desse som ikkje vil vaksinere barna sine. Eg veit at det er enkelte familiar i Fitjar som er veldig vaksinemotstandarar. Me har hatt mykje problem med dei, og nokre gongar må me til og med bruke barnevernet til å undersøke i desse sakene.

- Annonse -

Brisam understreker at det ikkje er straffbart å ikkje vaksinere, og at det er avgrensa kor mykje kommunen kan gjere.

– Lova er i ei veldig gråsone i forhold til dette. Pasientrettane står sterkt, samtidig som me har eit vaksinasjonsprogram som har som føremål å beskytte borna. Når me koplar inn barnevernet er det for å informere overfor foreldra at dette er for barna sitt beste, men det er ikkje alltid me lukkast.

– Skuldast overtru

Brisam meiner det er i religiøse familiar i Fitjar der motstanden står sterkt.

– Det finst mange små kyrkjelyder som trur på det og det. Det er ikkje tvil om at det er foreldra si overtru som hindrar oss i å vaksinere barn.

I følgje Folkehelseinstituttet må 95 prosent av befolkinga vere vaksinert for meslingar for å hindre sprreiing av viruset. Smitteoverlegen trur ikkje folk er klar over konsekvensane det kan ha for eit lokalsamfunn som Fitjar at så mange ikkje vaksinerer seg mot meslingar.

– Det er eit virus som kan ha mange fatale konsekvensar. Det kan føre til hjernehinnebetennelse som kan ta livet av barn. Når barna ikkje blir vaksinerte er det som å gå i kamp utan våpen.

Fleire nye utbrot

Han viser til at det den siste tida har registrert mange nye utbrot av meslingar. I Europa var det 15 ganger så mange tilfeller av meslinger i 2018 som i 2016. Også i Norge har det dei siste månadane vore registrert fleire utbrot.

– Me har registrert mange saker i Europa med meslingar no. I dag flyttar folk seg over større avstandar veldig kjapt. Det kan veldig lett få konsekvensar. Det einaste som beskyttar oss då er vaksinasjon, seier Brisam.

– Kva vil du seie til desse foreldra i Fitjar som ikkje vil vaksinere ungane sine?

– Eg vil seie at dei må slute å vere så egoistiske, og at dei heller må tenkje på å beskytte borna sine. Dette er viktigare enn dei trur. Dei utset barna sine for verkeleg fare som dei diverre ikkje er klar over. Dei må slute å stole på konspirasjonsteoriar som ikkje har eit einaste fagleg findament. Hadde barna deira hatt eit val, så ville dei ha vaksinert seg. Det er min bodskap.

- Annonse -