Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Politiet på Stord hadde det uvanleg travelt natt til søndag.

Det var først i Sagvåg at nokre pubgjester ikkje klarte å oppføre seg. Rundt klokka 1 på natta blei fire personar bortvist frå staden grunna ordensforstyrring.

– Det var amper stemning på eller utanfor ein utestad i Sagvåg. I det ligg det at dei er oppstemte og hadde lyst å slåss. Det er er totalt fire menn som vart bortvist, fortel operasjonsleiar Irene Rahnhildstveit i Sørvest politidistrikt.

Bråk på seilbåt

Laurdag var det Windjammer-regatta på Stord, og uvanleg mange seglbåtar ankra opp i Leirvik hamn.

Det er ikkje kjend om det var ein av desse seglbåtane som var involvert i det neste politioppdraget like før klokka 3 i natt.

- Annonse -
- Annonse -

– Det var nokon som hadde nachspiel på ein seglbåt som haldt heile hamna våken. Dette var til stor sjenanse for naboane i hamna. Det førte til at ein mann i 20-åra vart meldt til politiet, seier Rahnhildstveit.

51-åring arrestert etter bråk på fest

Den siste hendinga skjedde klokka 04.15, då politiet kom til ein privat fest på Stord etter melding om husbråk. Det førte til at ein 51 år gammal mann blei teken med i arresten i Haugesund.

– Han oppførte seg på ein sånn måte at dei ville tilkalle politiet. I følgje opplysningane våre har det vore ein del dytting. Det er ikkje nødvendigvis snakk om noko voldsom slåstkamp. Det er heile situasjonen som gjorde at politiet fann det mest naturleg å frakte han i arresten, fortel jourhavande jurist i Sørvest politidistrikt, Åshild Ravndal.

51-åringen skal ikkje ha vore overstadig berusa då politiet frakta han med seg. Både han og vitnene på festen vil bli avhøyrt av politiet i løpet av dagen.

– Det er nok gjort ei vurdering at me skal ha høve til å avhøyre vitnene utan at han skal fortelje dei kva dei skal seie. Førebels er det ingen som er avhøyrt. Mannen sit i arresten no og skal avhøyrast i løpet av dagen.

 

- Annonse -