- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Nils Eivind Horneland og Severin Eskeland står bak musikkvideoen Mørke Skogar, som no er nominert til prisen for beste musikkvideo under den ferske kortfilmfestivalen i Haugesund

– For meg er dette veldig gøy, og me blei veldig begeistra då me fekk stadfesta at me var blant dei nominerte, seier filmskapar Severin Eskeland.

Han er produsent av musikkvideoen Mørke Skogar, som skriven av Stord-artisten Nils Eivind Horneland som går under artistnamnet Nils Horn. Nyleg fekk dei beskjed om at musikkvideoen er nominert til beste musikkvideo under den ferske kortfilmfestivalen i Haugesund, The Norwegian International Seagull Shortfilm Festival, som går av stabelen i februar neste år.

Sjå musikkvideoen øvst i saka.

Mest for gøy

Eskeland fortel at det  er ganske tilfeldig at musikkvideoen, som vart produsert i sommar, vart nominert til prisen.

- Annonse -

– Når eg sender inn filmar til festivalar så gjer eg det eigentleg mest på gøy. For det er jo kjekt å få ting med på festivalar slik at arbeidet mitt får litt visningar. Det var heilt tilfeldig at eg kom over at festivalen også hadde pris for beste musikkvideo.

Musikar Nils Eivind Horneland er også svært glad for nominasjonen, spesielt med tanke på at videoen nettopp er gitt ut.

– Dette var fantastisk kjekt å høyra. Me hadde eit tight skjema og eit ikkje så stort budsjett, så me er jo veldig stolte av dette. Det er jo veldig gøy å få litt blest om den nye låten berre halvanna veke etter at den vart lansert.

Mørke Skogar blei nemleg framført for første gong på Goldlog sin jubileumskonsert på Arena i starten av oktober. No ventar nye konsertar for Nils Horn, både på Stord under Falturiltu-festivalen og i Bergen.

Nils Eivind Horneland.

Sterk video

I musikkvideoen er den profilerte Stord-kvinna Magdalena From Delis i hovudrolla, og i likskap med skrekkfilmen Lyst der ho også hadde hovudrolla, er det ein dyster stemning i musikkvideoen.

– Songen handlar om at når ein er nede i kjellaren så er det kanskje den vanskelegaste tida å spør om hjelp på. Og om kor frustrerande det er å stå utanfor og sjå på når eit menneske treng noko som dei ikkje klarar å ta i mot, seier Nils Eivind.

Filmskapar Severin Eskeland trur måten musikken og det visuelle speler i lag med kvarandre er årsaka til at musikkvideoen vart nominert.

– Musikkvideoen er veldig visuell med sterk fargebruk. Og så er det jo ein video med ein tematikk som ikkje er så veldig behageleg. Det handlar jo om å gå under. Eg trur kombinasjonen av ein veldig bra låt, akkompagnert med mange fine bilete er det som har gjort at filmen vart nominert, seier Eskeland.

Filmfestivalen skal arrangerast på Clarion Collection Hotel Amanda, og i Juryen sit skodespelarane Jahn Dennis Storhøi, Irasj Asanti, Pontus Olgrim og Julie Ølgaard.

Det er førebels ikkje kjend kven som skal konkurrere mot musikkvideoen frå Stord.

- Annonse -