Sigurd Sele strålte på konsert skjærtorsdag, foto: Guadalupe Piñon
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rundt 80 møtte opp på Arena skjærtorsdag for å få med seg musikalkonserten med Sigurd Sele og pianisten Harald Dahlstrøm.

Ein god og elegant kledd Sele viste seg opp på scenen, med svart dress og matchende sløyfe. Etter eit par songar tok han av seg først jakka, og deretter følgde sløyfa etter.

– Skal du ta av meir, Sigurd?, spurde Dahlstrøm.

– Nei da, nei da, det stopper her, svarte Sele mens han lo.

Folkekjære musikalar

På konserten fekk publikum høyra eit utdrag frå mange av dei mest folkekjære musikalane, med songar frå Les Miserables og Jesus Christ Superstar, samt låtar frå Kaizers Orchestra. Sele krydda showet med anekdotar frå livet som skodespelar.

- Annonse -
- Annonse -

Etter konserten fekk vi ein sjanse til å snakka med pianisten Harald Dahlstrøm, som fortel at venskapen med Sele går langt tilbake.

– Vi trefte kvarandre for mange år sidan. Det var då eg var pianisten i Les Miserables. Seinare har me hatt kontakt gjennom jobben mange gongar.

– Har du vore profesjonell pianist i heile livet?

– Ja, det stemmer, alt byrja i barndommen. Vi hadde eit orgel i stova, så da byrja eg å spela. Der og då byrja interessa.

Har halde på i 17 år

Sele var ganske opptatt med å helse på både vener og fansen, men vi fekk også en sjanse til å snakka med ham.

- Annonse -

– Eg har halde på med dette profesjonelt i 17 år. Teater har alltid lege mitt hjarta nær. Musikalsjangeren som er jo det beste frå to verder.

– Men har du tenkt å sleppe ut en plate eller eit album ein gong?

– Nei da, det har eg ikkje tenkt. Eg trivest alt for godt som skodespelar.

– Kva er planane framover?

– Til hausten skal eg til Oslo, då eg skal vera med i musikalen ”Evita” som er ein av tidenes mest kjende musikalar.

– Kva handlar musikalen om?

– Evita var presidentfrua i Argentina, som etterkvart blei sett på som ein slags helgen blant folket i landet, på grunn av sin kamp for dei fattige.  Musikalen handlar om ekteskapet mellom Evita og presidenten Juan Peron.

Utanfor Frugård trefte vi paret Kora Nesse og Nils Arne Nesse, som var veldig nøgd med kvelden.

– Ja, absolutt. Eg har vore med på musikalane så eg kjente alle songane igjen. Eg kan sei at det var ein veldig god oppleving.

Kora Nesse og Nils Arne Nesse koste seg på konsert. Foto: Guadalupe Piñon

 

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -