Håvard Tvedte gir seg som museumsdirektør ved Sunnhordland museum. Foto: Sunnhordland museum/Nynorsk Mediesenter
- Annonse -

Sunnhordland Museum søkjer om totalt 820.000 kroner frå Stord kommune i 2018-budsjettet.

Kampen om neste års budsjettmidlar frå Stord kommune er i full gang, og museumsdirektør Håvard Tvedte er blant dei som no seier tydeleg frå om behovet for kommunalt tilskot.

600.000 av pengane ønskjer han skal vere eit generelt tilskot til museum, 90.000 er øyremerkt tilskot til museumsrådgivarstillinga, og 130.000 er meint å dekkje straum og husleige ved gruvemuseet på Litlabø.

Utfordrande år

Tvedte skriv at 2017 har vore eit utfordrande år for Sunnhordland museum, i og med at museet ikkje har fått noko av tilskotet som tidlegare vart utbetalt, øyremerka Stord maritime museum.

– Dette har vore eit utfordrande år for Sunnhordland museum. Det blir ikkje gitt generelt tilskot til drift frå Stord. Eg er glad for at kommunestyret har fatta vedtak om å rette opp i dette i 2018-budsjettet.

- Annonse -

Tvedte viser til den siste statistikken frå Kulturrådet om kor mykje tilsvarande museum får i tilskot frå norske kommunar. Her er landsgjennomsnittet 82 kroner per innbyggjar, medan det i Sunnhordland ligg på 2 kroner per innbyggjar.

– Ein god start

Dersom politikarane seier ja til førespurnaden til Sunnhordland museum vil tilskotet nærme seg halvparten av landsgjennomsnittet.

– I dette innspelet har me lagt inn kr 32 per innbyggar i generelt tilskot. I landssamanheng ein liten sum, men det er ein god start. Då bidrar vertskapskommunen Stord til å setja ein ny og viktig standard for utmåling av tilsvarande kommunale tilskot i regionen, skriv Tvedte.

Tidlegare har Stord kommune betalt årleg 520.000 kroner til Sunnhordland museum, omtrent det same som husleiga til Stord maritime museum. Etter at den maritime samlinga no har skilt lag med Sunnhordland museum, har også dei søkt om støtte frå kommunen, på 350.000 kroner.

Totalt vert det altså søkt om nær 1,2 millionar frå Sunnhordland museum og Stord maritime museum, meir enn det dobbelte av kva kommunen har gitt i tilskot ut dei siste åra.

- Annonse -