Illustrasjon: Sideforankret hovedkonsept Illustrasjon: Statens vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Konsulentselskapet har saman med Aas-Jakobsen og COWI blitt plukka ut til å finne den mest fordelaktige brulysinga på E39 over Bjørnafjorden.

Arbeidet vert utført på oppdrag av Vegvesenet, og inneber å vidareutvikle og dokumentere fire brualternativ. Konseptløysinga vil vere underlag for den endelege beslutninga om bruløysing, skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

– Dette er eit spennende oppdrag som krev utvikling av teknologi, og me er sjølvsagt svært nøgde  å være med på å utgreie og utvikle endeleg bruløysning, seier avdelingsleiar Gunnar Egset i Multiconsult.

– I eit slikt prosjekt finst det ingen standardløysing, og me har saman med partnarar etablert ei gruppe med spisskompetanse frå samferdsle og bruar, offshore og marin verksemd for øvrig, seier Egset.

Svein Erik Jakobsen fra Aas-Jakobsen vil vere prosjektleiar for prosjekteringsgruppa.

– Dette er kanskje det mest utfordrande samferdselsprosjektet i Norge i moderne tid, og me ser frem til å kunne bidra til å bringe dette nærmare ei endeleg realisering, seier Jakobsen.

11 minutt over fjorden

- Annonse -
- Annonse -

Brua over Bjørnafjorden er ein del av E39-prosjektet som skal knyte saman Bergen, Stord, Haugesund og Stavanger. Ferjeturen som i dag tek  cirka 40 minutter, vil berre ta 11 minutt med bil når ferja blir erstatta med flytebru.

- Annonse -

Den fem kilometer lange flytebrua er planlagt med fire felt med 110 km/t fartsgrense, samt gang/sykkelveg.

Bjørnafjorden er fem kilometer bred og nær 600 meter djup. Fjordkryssing krev difor at ein tek i bruk ny bruteknologi, og Statens vegvesen har jobba med dette sidan 2009.

Arbeidet med konseptugreiinga vil starte opp i november 2018 og halde fram til august 2019. Statens vegvesen har opsjon på vidare bistand ut 2020.

Aas-Jakobsen, COWI og Multiconsult har knyttet til seg Aker Solutions, Entail, Norges Geotekniske Institutt (NGI), Moss Maritime og DISSING+WEITLING architecture, som underleverandørar med supplerande spisskompetanse på sentrale områder.

Fire brualternativer skal utgreiast, basert på to hovedkonsept: sideforankra eller endeforankra flytebru.

- Annonse -