Foto: Midtsiden
- Annonse -

Natt til tysdag stoppa politiet ein mannleg førar av ein motorsykkel på Bømlo.

Mannen i 40-åra vart stoppa på Bremnesvegen klokka 00.55 natt til tysdag. Med ein fart på 149 km/t i 80-sona vart førarkortet inndrege på staden og politiet oppretta sak.

På Twitter skriv Politiet i Sør-Vest at det var ein bilførar som var blitt stoppa, men vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon opplysar at det dreier seg om ein motorsyklist.

Ho kan ikkje sei noko om korleis føraren vart teke, og sit heller ikkje på informasjon om kva føraren skal ha forklart politiet.

– Eg ser at dei har teke avhøyr av mannen, det er det einaste eg kan sjå her.