Det var i fjor at stordabuen blei stansa i fartskontroll. Foto: politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

No må han ut med ein klekkeleg bot.

Ein mann i 20-åra er dømt for aktlaust brot på vegtrafikklova etter å ha køyrd for fort på motorsykkel. Hendinga skjedde sørover på E39 mellom Stord og Sveio i juni i fjor.

Mannen hadde ifølgje politiet ein fart på 108 km/t i 80-sona, og skal ha halde fram med å køyre frå Bømlafjordtunnelen og inn til Førde sentrum, trass i at politiet forsøkte å stoppe han med både blålys og sirene.

No er han dømt til å betale ei bot på 19 500 kroner, og blir dessutan frådømt førarretten i tre månadar, med frådrag for ein månad der førarkortet var beslaglagd.

Såg ikkje politiet

Stordabuen forklarte i retten at han var på veg til Haugesund saman med kameraten sin, som køyrde motorsykkel like bak. Han valde å køyre ein mindre trafikkert sideveg frå Førde sentrum, og hevdar at han verken såg eller høyrde politiet.

Han blei først merksam på situasjonen då den andre motorsyklisten ikkje lenger følgde etter, og valde difor å snu. Tilbake til Førde såg han ein politibil med blålys i eit kryss og antok at kameraten stod bak politibilen. Då ingen forsøkte å stoppe han, køyrde han tilbake same sideveg mot Haugesund.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen forklarte også at solskjermen på hjelmen redusert sikta hans, og at han difor ikkje såg politiet.

Mykje trafikk

Retten legg vekt på at mannen visste at han køyrde for fort, og er ikkje i tvil om at han burde ha sett politibilen då han svinga ut av vegen.

Sunnhordland tingrett skriv vidare at det er viktig for politiet si trafikkhandsaming at trafikkantar følgjer godt med på signal og respekterer å bli stoppa. Fartsgrensebrotet fann stad på ein hovudveg i ei tid med mykje trafikk.

Mannen må i tillegg til bot betale saksomkostnader på 3000 kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -