Foto: Guadalupe Piñon
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mange har nytta påsken som eit høve til å dra ut på byen og kle seg opp i litt finare klede enn skibukse og gamasjer. Stord24 tok ein prat med fem av dei.

Ingvild Stautland, foto: Guadalupe Piñon

Ingvild Stautland (42)

Ingvild tek imot våren med kamelfarga støvlar, stretch dongeribukser, grå jakke og blomstra bluse.

– Hei! Du var så fint kledd. Kan eg ta eit bilete av deg?

– Ja, kvifor ikkje?

– Du har så fine støvlar på deg!

– Eg kjøpte dei i Polen for nokre år sidan… dei er ikkje nye.

- Annonse -
- Annonse -

– Dei er ganske stilige! Og toppen din passar jo fint til antrekket.

– Takk for det!

Anders Losnegård, foto: Guadalupe Piñon

Anders Losnegård (21)

– Ute på by’n?

– Ja, eg er her med nokre kompisar. Du, då?

– Eg er ute og tek bilete for å sjekke stordabuen sin motesans.

– Ja vel.

– Så eg ser at du har ganske stilige plagg, med dongeriskjorte og khakibukser. Tidlaust og klassisk.

– Takk for det!
Grethe Halleraker, foto: Guadalupe Piñon

Grethe Halleråker (46)

Grethe har kledd seg opp med ein ganske stilig skinnbukse, sesongens joggesko, kvit blondebluse og svart jakke.

– Du var så fin i tøyet! Kan eg ta bilete av deg? Det er for Stord24 sin motespalte.

– Åh?? Har aldri vore med på noko sånt.

– Det finst alltid ein første gong, veit du! Kva gjer du elles?

– Eg er her med ei venninne, me kosar oss her ute på byen.

- Annonse -
Rafael Pires Bjørgen, foto: Guadalupe Piñon

Rafael Pires Bjørgen (34)

Rafael er her med sixpence lue, jakke og sko som passer saman.

– Du var stilig kledd.

– Synest du det?

– Ja. Kva driv du med i kveld?

– Tja… eg er med nokre kompisar frå jobben, me teksta litt til kvarandre og fann ut at ingen av oss hadde reist vekk i påsken, så me tok oss ein tur ut på byen.

– Kvar kjem du i frå?

– Eg er frå Brasil. Har budd fire år her på Stord. Før det, budde eg tre år i Polen.

– Kva gjer du her på Stord?

– Eg jobbar som stillasmontør. Så langt trivst eg veldig godt her.

 

Jane Ness, foto: Guadalupe Piñon

Jane Ness (31)

Jane er her med tidlaus stil: svart bluse og topp, kombinert med ein knall raud leppestift for å tilføre kontrast og gi eit statement.

– You rock!

– Åh!

– Du har ein flott stil, og eg elskar sminken din.

– Wow, takk for det!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -