Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i slutten av 30-åra er frakta til legevakta etter å ha velta på mopeden. 

Det var like før klokka 19.30 onsdag kveld at politi og ambulanse rykka ut til Sagvåg etter melding om mopedvelt.

Det var ein mann i 30-åra som var involvert i trafikkuhellet, like ved brua ved Buneset i Sagvåg.

– Vedkomande er frakta til legevakta for ein sjekk. Han hadde iallfall nokre skrubbsår som skulle sjekkast opp i, seier operasjonsleder Glenn Leikvold i politiet.

Han fortel at mannen truleg ikkje var edru då han velta på mopeden.

– Det er mistanke om ruskøyring, og eg vil anta det er teke beslag i førarkortet hans.

- Annonse -

Det var ingen andre involverte i hendinga.

- Annonse -