Illustrasjon: Pixabay
- Annonse -

I 21-tida måndag kveld rykte politiet ut til Eldøyane etter melding om plagsom støy frå mopedistar.

– Politiet fekk melding om tre mopedar som hadde køyrd rundt i området den siste timen, og som var til sjenanse for dei som arbeidde på området, opplysar Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Ifølgje meldinga høyrdes mopedane trimma ut og lagde mykje bråk.

– Ein patrulje rykte ut på oppdraget og fekk tak i ein person, ein 16 år gammal gut. Dei andre stakk avgårde, mogleg for å unngå politiet.

– Fekk 16-åringen nokon form for reaksjon?

– Det står det ingenting om i loggen, men han vart nok formant til å køyre skikkeleg. Mopeden hans verka å vere OK.

- Annonse -