Ein mopedist i 30-åra er frakta til legevakta med lettare skadar.
Klokka 9.18 fekk naudetatane melding om at det hadde skjedd ei trafikkulukke i Vikabrekko i Leirvik sentrum.
– Det er ein moped og ein bil som har kollidert. Mopedisten er truleg lettare skada, opplyser Sørvest politidistrikt.
Mopedisten har blitt frakta til legevakta av ambulanse.
Køyrde inn i sida
Operasjonsleiar Victor Fenne Jensen opplyser at det er ein taxi som har køyrd inn i sida på mopeden.
– Bilen har truleg treft mopeden i sida. Mopedisten er truleg lettare skada, og klagde over smerter i beina.
Politiet no på staden for å snakke med vitne til ulukka. Førebels tyder ting på at det var taxisjåføren som var skuld i ulukka.
– Det er nokre vitne som har sett hendinga, og dei er politiet i kontakt med no. Førebels kan det tyde på at taxisjåføren ikkje har overhaldt vikeplikta, seier Jensen.
Det skal ikkje vere trafikale problem på staden som følgje av ulukka.