- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ei ung jente blei lettare skadd etter å ha sklidd ut av vegbanen på moped søndag kveld.

Politiet melde om ulukka der ein mopedist har køyrt av Bjellandsvegen på Stord, like etter klokka 21 søndag kveld. Ulukka skal ha skjedd klokka 20.13.

Føraren av mopeden er frakta til sjukehus med ambulanse, opplyser politiet.

– Me har vore i kontakt med mopedisten, ei ung jente. Ho har beskjedne skader på kne. Ho opplyste at ho har sklidd på ein glatt vegbane, og for politiet sin del så føretek me oss ikkje noko meir i den saka. Etter forholda har dette gått bra, utan noko betydelege skader, fortel operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt.

Det var ikkje meldt om trafikale problem på staden.

Vegtrafikksentralen melder søndag kveld om glatte veger mange stadar i Sør-Norge. Politiet har ikkje fått opplysningar om at det er særleg glatt her i distriktet.

- Annonse -

– Eg har ikkje andre opplysningar om at det er glatte vegar no i kveld. Folk plar vere kjappe å ringe inn, men det kan jo vere lokale forhold som gjer at det her var ekstra glatt.

- Annonse -