Monica Rafdal har i 30 år venta på fortau langs Litlabøvegen. Dersom det ikkje blir noko Stordpakke kan ho kanskje måtta vente i 30 år til. Foto: Google/privat
- Annonse -

Statens Vegvesen seier det kan ta fleire tiår før Litlabøvegen blir utbetra viss ikkje Stordpakken blir vedteken av kommunestyret torsdag. Det er fortvilande å høyre for småbarnsmor Monica Rafdal.

Monica Rafdal bur langs den svært trafikkfarlege Litlabø-vegen, og har fleire gonger engasjert seg for at noko bør gjerast med tryggleiken for dei mjuke trafikantane langs vegen.

Ho har no venta i over 30 år på at vegen skal bli trafikksikker for mjuke trafikantar.

– Då eg begynte i 1. klasse i 1987 hadde dei allereie begynt på planane om å få fortau mot Litlabø skule. Då eg gjekk på ungdomsskulen kom det fortau til Isdalvegen, med planar om å ta resten seinare. Etter dette har ingenting skjedd, seier Rafdal.

– Må skje ei alvorleg ulukke

Rafdal fortel at ho dagleg har hjarta i halsen når ungane skal til skulen eller besøke vener som bur langs vegen. Ho fortvilar over grunngjevinga ho tidlegare har fått om kvifor vegen ikkje har blitt prioritert.

– Sist dei utbetra deler vegen forklarte Vegvesenet at dei måtte gjere noko  fordi det var så mange som køyrde ut av vegen, og då sa dei rett ut at dei ikkje hadde registrert nokre skader på mjuke trafikantar. Då fekk me jo stadfesta det me har sagt heile vegen, at det må skje ei alvorleg ulukke før noko blir gjort.

- Annonse -

I dag er det meir enn 30 år etter at Rafdal gjekk i 1. klasse, og ho har no sjølv eit barn som skal begynne i 1. klasse på Litlabø skule til hausten. Men no har Stord-politikarane faktisk høve til å setje fortgang på vegutbetringa.

– Stordpakken kan utløyse midlar til sommaren

Vedtek dei Stordpakken i kommunestyret torsdag, kan det i følgje prosjektleiar Lars Tore Martinsen i Statens Vegvesen gjere at det allereie i sommar kan kome midlar til planarbeidet langs Litlabøvegen.

– I fjor vart det sett av 400.000 kroner for å setje i gang planarbeidet for å utbetre vegen. Me hadde kome så langt at me ville lyse ut konsulent til arbeidet. Men så blei prosjektet stansa av fylket fordi det ikkje var forankra politisk. Dersom Stordpakken blir vedteke er signala me har fått at desse midlane kan kome allereie til sommaren.

Lars Tore Martinsen i Statens Vegvesen.

Sjølv om dette berre er midlar til planarbeidet, peiker Martinsen på at det fort kan kome meir frå fylket når ein først har fått startmidlar.

– Ein set ikkje i gang eit planarbeid utan å få følgt dette opp frå fylket. Har ein først sett i gang så veit du at du vil få meir. Fylkeskommunen har jo hatt møte om vegen med Stord kommune, så dei er jo klar over at vegen er viktig.

Ingen alternativ

Martinsen meiner det ikkje er nokre reelle alternativ for å utbetre Litlabøvegen utan Stordpakken.

– Utbetringa av Litlabøvegen vil koste godt over hundre millionar kroner, så den vil ikkje kome inn på noko ekstraordinært prosjekt. Då må den vere inne på ein langsiktig investeringsplan. Så utan Stordpakken trur eg ikkje det blir utbygging langs Litlabø-vegen på fleire tiår.

Prosjektleiaren meiner eit nei til Stordpakken blir oppfatta av fylkeskommunen som eit signal om at Litlabøvegen ikkje er så viktig å utbetre som det vert sagt.

– Alle slåss for å kome i gang med sine vegprosjekt. Men viss det ikkje er politisk stemning for dette lokalt på Stord gjennom Stordpakken, så er det jo ingen i Vegvesenet som bekymrar seg for det. Då blir det meir pengar til Bergen og Nordhordland. Dette må politikarane på Stord vere klar over.

– Kan bli dyrare å vente

Martinsen stussar på argumenta til politikarane som går i mot Stordpakken, om at innkrevjinga blir for dyr. Konsekvensane av å vente kan bli mykje dyrare, meiner han.

– Dette er ein svært liten bompengepakke i nasjonal målestokk, med låg eigenbetaling for prosjekta. I tillegg får ein lov til å ta betalt frå gjennomgangstrafikken på E39. Det er det ikkje sikkert ein får i framtida.

– Dersom politikarane ventar vil kanskje føresetnadane endre seg, slik at pakken bli mykje dyrare å finansiere for lokalbefolkninga. Då kan det bli eit Bømlo-opplegg med 30-40 kroner per passering. No er pakken salbar, og det er den kanskje ikkje om nokre år, seier Martinsen.

Gamblar med liva

Monica Rafdal meiner å risikere å utsetje utbetringa av Litlabøvegen med fleire tiår er å gamble med borna sine liv.

– Det kjem ikkje til å skje noko før liv går tapt, for det har vore nære på fleire gonger. Dersom ikkje politikarane tek dette på alvor no så er jo det å gamble med ungane våre sine liv.

– Kva vil du seie til politikarane før dei røyster over pakken i morgon?

– Dei må tenkje trafikktryggleiken for ungane som bur langs Litlabøvegen. No har det vore eit generasjonsskifte her og det bur difor faktisk veldig mange ungar her. Nokre får jo skuleskyss, men mange må jo gå det farlegaste vegstrekket på veg til busstoppet. Då hjelper det jo ikkje med busstopp, seier Rafdal.

Ho har samtidig forståing for at folk er skeptiske til bompengar, men meiner det er eit langt betre alternativ enn ein potensiell alvorleg ulukke langs vegen.

– Me ser jo også ulempene med Stordpakken, og me meiner jo at dei burde kunna fiksa vegane utan bomstasjonar. Men når alternativet er at ingenting vil bli gjort på lang tid så er me sjølvsagt for bomstasjonar.

- Annonse -