Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tidleg laurdag morgon vart ein mann i 20-åra stansa av politiet etter mistanke om promillekøyring.

Det var klokka 6.15 at politiet fekk tips om køyring om mogleg påverka tilstand i Heiane-området.

Den aktuelle bilen vart stoppa av politiet, og føraren, ein mann i 20-åra, framsto som påverka.

Han blei framstilt for blodprøvetaking og førarkortet blei inndratt. Forholdet vil bli politimeldt.

- Annonse -