Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Politiet åtvarar mot svært glatte vegar. 

Måndag kveld rykka alle naudetatane ut til nærleiken av Lykling kyrkje på Bømlo etter melding om ei utforkøyring.

Det var ei kvinne i 30-årane frå Bømlo som førte bilen. Då politiet kom fekk politiet mistanke om proillekøyring.

– Vedkomande har blåst over lovleg verdi. Då må me til legevakta for å ta blodprøve av ho. Om det er promilla eller glatta som forårsaka ulukka er umogleg å seie, men det kan jo vere begge deler, seier Brit Randulff, operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt.

Kvinna skal ikkje vere alvorleg skadd etter ulukka.

– Det var sagt at ho hadde litt hovudsmerter, men vårt inntrykk er at ho ikkje var alvorleg skadd.

- Annonse -
- Annonse -

Bilen er blitt taua frå staden og det skal ikkje vere trafikale problem på staden.

- Annonse -

Politiet skriv på Twitter at det skal vere svært glatt på ulukkesstaden. Det stadfestar operasjonsleiaren.

– Det er spesielt glatte vegar nord for Haugesund, som Stord og Bømlo. Så folk må køyre ekstra forsiktig, seier operasjonsleiaren.

- Annonse -