Ein mann blei funnen død i Onarheim i morgontimane 2. juledag.
Det var klokka 06.55 at politiet fekk inn melding frå nokon som hadde funne ein medvitslaus person på bakken utanfor ein bygning i Onarheim på Tysnes.
– Naudetatane rykka ut til staden og det blei iverksett førstehjelp, men mannen blei etter kort tid erklært død på staden, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Han opplyser at politiet førebels veit lite om omstenda bak dødsfallet, men at det er starta etterforsking på staden.
– Me er ikkje sikre på om det har skjedd noko kriminelt, seier operasjonsleiaren.
Bladet Tysnes opplyser at mannen vart funnen utanfor Onartun, som er eit kombinert leilegheits- og næringsbygg i Onarheim.
Politiet er i ferd med å varsle pårørande.
Saka vert oppdatert.