Foto: Kjetil Rydland, Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein varebil kolliderte med ein telestolpe mellom Rydland og Vik i Fitjar laurdag kveld. Politiet prøvar no å kartlegge kven som køyrde bilen.

Telestolpen sperra vegen for trafikken. Foto: tipsar

Politiet fekk melding om kollisjonenen ca. klokka 20.20. Ulukka skjedde i 60-sona på Tveita i Fitjar, mellom Rydland og Vik.

– Det er mistanke om ruskøyring. No held me på å finne ut kven som har køyrd bilen. Det er fleire personar i bilen, og me må finneut kven som var føraren. Men me har iallfall mistanke om påverknad, seier operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit i Sør-Vest politidistrikt.

Det skal ikkje vere personskade involvert i ulukka.

– Det har ikkje vore behov for ambulanse. Når det gjeld bilen er det usikkert om er køyrbar, seier politiet.

Ulukka førte til at vegen vart sperra i begge retningar.

- Annonse -
- Annonse -

Telestolpen rauk med i samanstøytet. Foto: Kjetl Rydland/Fitjarposten

- Annonse -