Foto: Daniel Deniazi, Sveiobladet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

No ber politiet om hjelp av publikum.

I samband med ei gravferd vart det torsdag 9.august oppdaga stygge brennmerker på veggen til Sveio kyrkje. Saka vart meldt til politiet av to tilsette i fellesrådet i Sveio kommune kort tid etter, og politiet ønskjer no å kome i kontakt med vitner som kan ha kjennskap til hendinga.

– Me har motteke eit par tips og har forsåvidt etterforska saka ut i frå dette. Men me har ikkje kome noko nærare ei oppklaring, seier politioverbetjent Olav Høiland ved Haugesund politistasjon.

Politiet er ikkje sikre på kva tid svimerkene har skjedd, men stadfestar at dei har ein teori om korleis svimerkene har oppstått.

– Me har sikra nokre spor på staden, og har grunn til å tru at det dreier seg om brennbar væske, opplyser Høiland til Stord24.

- Annonse -

– No prøver me å nå ut til folk i nærområdet i håp om at dei har sett noko.

- Annonse -
- Annonse -

I følgje Sveiobladet var hendinga eit tema på gudstenesta på søndag.

– Det er heilt forferdeleg at folk tenkjer å setje fyr på slike bygningar. Under gudstenesta fortalde presten om hendinga, men at det er ingen som veit noko, sa ei kvinne til nettavisa.

Sveio kyrkje ligg i Sveio sentrum. Foto: Sveiobladet

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -