Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ei kvinne i 40-åra vart køyrd til legevakta med smerter.

Klokka 05:48 onsdag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulukke på E39 i nærleiken av krysset ved Verftsvegen.

– Fører mista kontroll over bilen i ein sving og hamna inn i ein fjellvegg. Førar vert køyrd til legevakt for sjekk, har vondt etter at bilbeltet stramma til, opplyste Politiet i Sør-Vest på Twitter i 06:30-tida.

Ifølgje operasjonsleiar ved Politiet i Sør-Vest sin operasjonssentral, Brit Randulff, var airbagen i bilen utløyst i kollisjonen, og det låg bilrester i vegen etter at bilen trefte ein knaus langs vegbanen. Ho kan elles ikkje sei noko om dei materielle skadane, men bilen måtte tauast vekk.

– Føraren var tidleg ute og sa at ho ikkje var skada, men airbagen var utløyst og då sjekkar me alltid ut.

Randullff seier at politiet per no ikkje ser dette som ein personskade, og har førebels ikkje oppretta sak.

- Annonse -

– Me skal ta kontakt med ho seinare i dag for å få ei avklaring kring hendingsforløpet.

Kvinna var aleine i bilen.

- Annonse -
Forrige artikkelOver halvparten føler einsemd under koronaen
Neste artikkelHydro gjenopnar på Husnes – doblar produksjonen
Journalist – cassandra@stord24.no