Arkitektkontoret VIS-A-VIS i Trondheim laga vinnarutkastet til den nye Nysæter ungdomskule med prosjektet "Du Glitrande".
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Arkitektane fekk ikkje med seg at ein basishall skulle vere ein del av skuleprosjektet. Dermed blir ferdigstillinga av skulen utsett med eit halvt år.

Etter planen skulle forprosjektet for den nye ungdomsskulen vere klart til politisk handsaming i oktober. Men ei misforståing gjer at dette ikkje blir mogleg.

Arkitektane har nemleg ikkje teke høgde for at ein basishall/turnhall skal vere ein del av forprosjektet.

Det var ordføraren som gjorde administrasjonen merksam på dette i sommar. Vis-A-Vis arkitekter AS fekk straks melding om denne endringa og har starta å sjå på ulike plasseringar av ein basishall.

Halvt år forsinka

Som eit resultat av at forprosjektet no skal utvidast med ein basishall, vil rapporten først vere ferdig frå arkitektane på nyåret, og klart til politisk handsaming i januar.

Hovudprosjektet vil bli tilsvarande utsatt og ferdigstilling av prosjektet vert no planlagt til august 2021, og ikkje starten av 2021 slik den opphavlege planen var.

- Annonse -
- Annonse -

– Det har vore ei forskjellig forståing av det politiske vedtaket. I vedtaket ønskte me å ha eit ope punkt for å sjå kor mange funksjonar me kunne få i kostnadsramma, men administrasjonen har tolka det som at det berre skulle vere ein fleirbrukshall, fortel ordførar Gaute Epland (Ap).

Ordførar Gaute Epland, foto: Jonas Sætre/Stord24

– Upresist vedtak

Men i det politiske vedtaket frå mars 2017 står det ingenting om basishall.

– Problemet er at det ikkje sto eksplisitt at basishall skulle inngå i forprosjektet, men at det var ein del av diskusjonane om å få fleire funksjonar inn i prosjektet. Vedtaket er ikkje heilt presist, difor har det blitt tolka på ulike måtar.

I eit notat skrive av administrasjonen i Stord kommune, kjem det fram at ein slik basishall ikkje vil vere ein del av dei estimerte investeringskostnadane på 207 millionar kroner. Hallen vil ha ein ekstrakostnad på 29 millionar kroner. I tillegg er kostnaden for eit nytt svømmebasseng estimert til 35 millionar kroner.

- Annonse -

Epland trur dermed det vil bli vanskeleg å realisere ein basishall på noverande tidspunkt.

– Det er ikkje sikkert at me får til dette no. Kostnadsoverslaga viser at det blir krevjande å få til. Då er det viktig at me ikkje utestenger moglegheita for ein slik hall i eit eventuelt byggetrinn to.

Anbefalar å rive bassenget

Men dette er ikkje den einaste grunnen til at prosjektet no vert utsett. Som Stord24 skreiv i helga, ønskjer rådmannen at ein skal sjå på heile bassengstrukturen i kommunen, som eit resultat av omfattande rehabiliteringsbehov både for bassenga i kulturhuset og i Nysæter ungdomsskule.

I tilstandsrapporten som vart utarbeida for Nysæter ungdomskule i 2015, konkluderte dei eksterne konsulentane med at symjehallen berre trengte mindre rehabilitering. På grunnlag av dette vart det ikkje teke høgde for ei meir omfattande oppgradering av symjehallen i forstudien.

Men arkitektane har gjort ei grundig vurdering av symjehallen, og finn at den er i langt dårlegare stand enn det som var kjent.

– Etter desse vurderingane og ved nærare ettersyn er det funne fleire vesentlege manglar ved symjehallen. Dette syner at ei omfattande rehabilitering/oppgradering av symjehallen er påkrevd, noko som ikkje er medrekna i estimert kostnadsoverslaget, skriv rådmannen.

Arkitektane meiner kostnaden for rehabilitering vil vere om lag det same som å bygge eit nytt basseng.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -