Mange frå Litlabø mottak hadde møtt opp til markering utanfor Stord kulturhus laurdag kveld. Foto: Gro Dregelid
- Annonse -

Fleire av asylsøkjarane på Litlabø kjem frå verdas farlegaste hovedstad, Kabul i Afghanistan. Laurdag minnast dei ofrene i etter endå eit nytt terroråtak.

Fredag vart Kabul råka av eit nytt sjølvmordsangrep, som kosta nær 30 menneske livet. Ein sjølvmordsbombar detonerte ein sprengladning ved inngangen til Imam Zaman-moskéen i Kabul medan ein annan terrorist angreip med skytevåpen.

Det siste terroråtaket er del av ein stadig forverring av den valdelege kvardagen i den afghanske hovudstaden, og gjer situasjonen for dei afghanske asylsøkjarane i Norge ekstra vanskeleg.

Foto: Gro Dregelid

Mange av dei som har fått negativt avslag på asylsøknaden risikerer nemler å bli sendt til internflukt i Kabul, som no altså er rekna som ein av verdas farlegaste byar.

Ein stor del av gutane på Litlabø mottak kjem frå Afghanistan, og dei får ofte melding om terror frå heimlandet. Ofte vert ikkje ein gong desse angrepa omtalt i norsk media.

Laurdag kveld tok nokre av gutane spontant initiativet til ei markering utanfor Stord kulturhus for å minnast uskuldige menneske som vart råka av nok eit grusomt terroråtak, opplyser Gro Dregelid som var til stades under markeringa.

- Annonse -

Det var ei stille markering der dei tende lys og ba for folket i heimlandet sitt. I lysa som vart tende, kunne ein lesa:

Vi gret for Kabul.

Pray for Kabul.

Mokhtar Mohamadi held appell der han minna om at sjølv om det var hazarafolket som vart angripne, måtte dei ikkje la terroristane splitta dei som folk. Man oppmoda om at alle dei ulike folka i Afghanistan må leggje konflikten til side og stå i saman mot valden.

– Tadsjikere, pashtonere og hazara må stå sammen mot terror og konfliktar. Dei skal vera eitt folk, brødre og systre for kvarandre, sa han.

Foto: Gro Dregelid

- Annonse -