Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Brannen var sløkt før politiet kom til staden.

– Ein person er sjekka av ambulanse på staden, og det er ingen behov for ytterlegare oppfølging.

Brannen skjedde på ein institusjon i nærleiken av Leirvik.

– Det var ingen dramatikk og brannen var sløkt før politiet kom til staden. Det var melding om at nokon hadde pusta inn røyk, men det viste se at det ikkje var behov for oppfølging frå helsepersonell, opplyser oppdragsleiar i Sørvest politidistrikt, Trine Fredriksen.

Det var ein person som befant seg i leilegheita då det byrja å brenne. Politiet vil ikkje kommentere kva som kan ha vore brannårsaka.

– Det blir oppretta sak på dette, så me vil ikkje uttale oss om dette no før me har fått gjort nødvendige avhøyr.

- Annonse -