Rektor Torbjørn Tvedt ved Fagskolen i Hordaland. jublar over tildelinga Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Regjeringa kjem med gåvepakke på 6,4 millionar kroner til fagskulen og industrimiljøet på Stord, for å sikre at fleire skal kunne stå i jobb lenger.

Fagskulen i Hordaland, avdeling Stord, har i samarbeid med industrien på Stord fått heile 6,4 millionar kroner frå regjeringa for å utvide vidareutdanningstilbodet for industriarbeidarar.

– Dette er ei kjempeviktig tildeling som gjer at me kan vidareutvikle nye tilbod. Me har ikkje desse utviklingsmidlane sjølv, så no får me danne nye utdanningar i tillegg til det me allereie har. Det gjer at me kan jobbe mykje tettare saman med næringslivet.

Det seier rektor i Fagskulen i Hordaland, Torbjørn Tveit. Prosjektet dei har fått tilsagt på er spesielt retta inn mot maskinfag, og er ei vidareføring av samarbeidet som førte til ingeniørutdanninga Stord-modellen.

– Me har skrive søknaden saman med Stord-miljøet, og verksemder som Kværner, Wärtsilä og Leirvik. Det faglege samarbeidet stammar frå Stord-modellen, så me kan godt kalle det ei vidareføring av dette. Saman har me sett nye moglegheiter for industrimiljøet.

Alle dei ulike enkeltemna skal bestå av 10 studiepoeng, og er retta mot industriarbeidarar som treng fagleg påfyll.

- Annonse -

– Saman vil me no lage ei liste over 10 ulike enkeltemne som me skal starte opp i løpet av det neste året. Måndag skal me ha eit stort møte på Stord der me går i gang med førebuingane, seier Tvedt.

Løyvingane er spesielt retta inn mot maskinfag og produksjonsleiing. Bakgrunnen for løyvingane er kompetansereformen til Regjeringa «Lære hele livet».

– Målet med reformen er at ingen skal gå ut på dato og at fleire skal kunne stå i jobb lenger, heiter det i pressemeldinga frå regjeringa.

- Annonse -