Står på sitt: Senterleiar Hans Martin Haavik og Stord-rådmann Magnus Mjør klarar ikkje bli einige om konflikten om betaling for bortfall av parkingsplassar i samband med byginga av parkeringshuset ved Amfi Stord. Foto: Amfi Stord/Stord kommune
- Annonse -

Rådmannen og politikarane går ikkje med på å ettergi krav om betaling for bortfall av parkingsplassar i samband med bygginga av det nye parkeringshuset ved Amfi Stord.

Stord kommune inngjekk ei avtale med Amfi Stord, ved selskapet Forretningsbygg AS, i samband med at det nye parkeringshuset blei bygd i 2015.

Avtala går ut på at selskapet skal betale Stord kommune 200.000 årleg i 25 år for parkeringsplassane som fall bort bak kulturhuset grunna bygging av det nye parkeringshuset.

Aksepterer ikkje lenger kravet

Dette har ikkje Forretningsbygg AS akseptert. Bakgrunnen er at dei meiner det ikkje lenger er grunnlag for å betale kompensasjon for dei offentlege parkeringsplassane, fordi det no ikkje lenger er offentleg parkering mot avgift i Leirvik sentrum.

Parkeringsordninga i sentrum blei nemleg endra etter at parkeringshuet blei bygd, slik at ein no kan stå parkert gratis i to timar.

– Kommunen har ikkje krav på årleg vederlag etter at gratisparkering i Leirvik sentrum vart innført 1. januar 2015. Eit vilkår for betaling av årleg vederlag, må vere at det faktisk føreligg tap i form av bortfall av avgiftsbelagte parkeringsplassar, hevdar advokatfirmaet Schjødt på vegner av Forretningsbygg.

- Annonse -

Har ikkje dokumentert inntektstap

Rådmannen meiner det er urimeleg av Amfi-kjeda å krevje revidering av avtala berre fordi parkeringsreglane har endra seg.

– Det må leggast til grunn at partane ved avtaleinngåinga var kjend med at innhaldet i parkeringspolitikken ville variere over tid. Avtala gjeld i heile 25 år og endringar i parkeringa i sentrum er såleis pårekneleg i avtaletida, skriv rådmannen.

Det vert vist til at det totalt er 84 parkeringsplassar som er gjort avgiftsfrie i sentrum, og at dette truleg har lite påverknad på parkeringsinntektene til Amfi-senteret. Rådmannen viser også til at Forretningsbygg AS ikkje har vist til dokumentasjon på reelt inntektstap.

– Spørsmålet er ikkje om kommunen har inntekter på parkeringsordninga eller ikkje, men i kva grad «gratis» parkering andre stadar i Leirvik sentrum har påverka inntektene til Forretningsbygg i parkeringshuset.

Gjekk til namsmannen

Senterleiar Hans Martin Haavik gjorde det då klart for Stord kommune at han ville halde tilbake innbetalinga til kommunen. Per i dag manglar Stord kommune meir enn 600.000 kroner i betaling frå Amfi-senteret.

Etter gjentekne møter mellom rådmann og Forretningsbygg, valte kommunen å sende kravet til namsmannen i juni i år.

23. august vart eit nytt drøftingsmøte halde mellom partane, då rådmannen kom med forslag om å tilby Forretningsbygg å berre betale halvparten av det uteståande og framtidige kravet.

Det vil bety at Forretningsbygg skal betale eit kontaktbeløp på 2,5 millionar no, i staden for det opphavlege kravet om fem millionar kroner over ein 25 års-periode.

Parkeringshuset ved Amfi Stord sto ferdig i 2015. Foto: Multiconsult

Rådmannen forklarar i saksframlegget at bakgrunnen for forsøket på forlik er at partane står såpass langt frå kvarandre at han fryktar saka kan hamne i retten.

– På det viset unngår kommunen ei ressurskrevjande rettsleg prøving og har styring på utfallet av tvisten. I staden for å risikere å bli sitjande igjen med ingenting, sikrar ein kommunen ei inntekt på 3,1 millionar kroner, skriv rådmannen.

Politikarane vil ha fullt betalt

Førre veke behandla kommunestyret saka under lukka dører. Politikarane vedtok då å oppretthalde kravet om inntekt frå avtala i 2013, og ikkje gå for forlikstilbodet til rådmannen.

Det betyr at det ikkje vil bli ført vidare forhandlingar mellom kommunen og kjøpesenteret, og at ballen no ligg på Amfi-kjeda sitt bord: Enten må dei betale eller så må vedtaket prøvast rettsleg.

Senterleiar ved Amfi Stord, Hans Martin Haavik, ønskjer ikkje å kommentere vedtaket.

– Me har ikkje noko kommentar til saka førebels, men vil kome tilbake igjen på eit seinare tidspunkt. Saka er såpass fersk at me må diskutere dette internt, seier Haavik.