Utsleppa skjedde ved demoleringsanlegget til Kværner på Eldøyane.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Utsleppet av PFAS-stoff er så høgt at det ikkje kan halde fram med å vere uregulert, skriv Miljødirektoratet.

Stord24 skreiv i midten av oktober om utslepp av dei helseskadelege miljøgiftstoffa PFAS i avlaupsvatnet frå demoleringsanlegget til Kværner på Stord gjennom heile 2018.

Kværner gav uttrykk for at dei såg på utsleppa som låge, og at dei har ingen påverknad for miljøet.

– Desse tala er vanskelege å tolke. Me har gjennomført analyser i nesten eit år, og gjer stadige målingar, men me har jo ikkje eit godt grunnlag å samanlikne dette med. Men me oppfattar desse nivåa som låge. Dette har ingen miljøeffekt slik me ser det, sa overordna miljøansvarleg i Kværner, Vidar Høyvangli.

– Svært alvorleg

Det er ikkje Miljødirektoratet samd i.

I eit svarbrev som er sendt til verksemda slår dei fast at dei ser på utsleppa som betydelege og karakteriserer dei som «svært alvorlege».

- Annonse -
- Annonse -

– Miljødirektoratet vurderer at bedrifta har hatt betydelege utslepp av PFAS i 2018, noko me ser svært alvorleg på, skriv seksjonsleiar Ragnhild Orvik i Miljødirektoratet.

Direktoratet skriv at PFAS i litan grad vert brote heilt ned, og hopar seg opp i menneske og vert spreia globalt.

- Annonse -

– Nokre av PFAS-sambindingane er oppført på lista over prioriterte miljøgifter, og Kværner har ikkje løyve til utslepp av desse stoffa med mindre dei er uttrykkeleg regulert gjennom spesifikke vilkår i løyvet.

– Kan ikkje halde fram med å vere uregulert

Direktoratet har no sendt Kværner pålegg om å sende ei meir detaljert utgreiing om utsleppa som har vore, og krev at bedrifta melder frå om korleis dei har følgt opp utsleppa og kva slags tiltak som er iverksett, innan 14. desember.

– Verksemda pliktar å gjennomføre tiltak for å forhindre dette utsleppet.

Vidare melder direktoratet at dei seinare kjem til å rette konkrete pålegg til Kværner om utsleppsreduserande tiltak.

– Utsleppet av PFAS er så høgt at det ikkje kan halde fram med å vere uregulert. Difor vil me ta sikte på å endre løyvet med utleppsgrenser for PFAS, skriv Orvik.

– Me forventar at Kværner i tillegg til utsleppsreduserande tiltak må vurdere om det skal setjast inn nye reinsetrinn av utsleppsvatnet for å redusere utsleppa. Dette kan til dømes vere i form av kolfilter.

- Annonse -