Erling Løklingholm Leivestad er leiar i Sumarøya Målungdom. Foto: privat
- Annonse -

DEBATT: Studentsamskipnaden på Vestlandet nyttar nynorsk i avdelingane sine i Sogndal og Førde, men i Bergen og Haugesund og på Stord nyttar dei bokmål. Kvifor det?

Av: Erling Løklingholm Leivestad,
leiar i Sumarøyo Målungdom

No er det gått to år sidan studentsamskipnadane til dei fleste høgskulane og universiteta på Vestlandet vart slegne saman til Saman/Sammen.

Studentsamskipnaden på Vestlandet nyttar nynorsk i avdelingane sine i Sogndal og Førde, men i Bergen og Haugesund og på Stord nyttar dei bokmål. Kvifor det?

Me veit at nynorsken er under press i høgare utdanning, og at mange studentar byter til bokmål i studietida. At studentane får møta nynorsk på studiestaden sin er difor eit viktig tiltak for at dei skal klara å halda på språket sitt. Studentsamskipnadane er ein viktig del av kvardagen til studentane, driv mellom anna barnehagar, kafear og treningssenter og leiger ut leilegheiter.

At studentane skal treffa nynorsk på studiestaden sin er viktig over heile landet, men det er ekstra viktig nett her på Stord. Her på Stord er det nynorsk som gjeld. Nynorsken har djupe røter i kommunen og skyt stadig opp nye friske skot. Det betyr også at ein stor del av studentane kring og på Stord er nynorskbrukarar.

- Annonse -

Det heng rett og slett ikkje på greip at Saman ikkje nyttar nynorsk i det som faktisk er den største nynorskbyen i verda.

Det bør vere enkelt for Saman å fase inn nynorsk på Stord. Sidan den same organisasjonen allereie nyttar nynorsk i Sogndal og Førde, er alt av logoar, skjema, nettstader og så bortetter allereie tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål.

Når alt allereie er tilrettelagt for nynorsk, er det mildt sagt oppsiktsvekkjande at Saman fortsatt nyttar bokmål i avdelinga si på Stord. Her har dei ein jobb å gjera. Saman kan vi gi studentane på Stord den nynorskkvardagen dei fortenar!

- Annonse -