Arkivfoto: Eirik Brekke
- Annonse -

Selskapet som eig vindturbinane i Fitjar-fjellet har lagt bak seg nok eit solid driftsår.

Fjoråret gav Midtfjellet Vindkraft AS nok eit solid resultat. Selskapet selde straum for 130 millionar kroner i 2018.

– Produksjonen og kostnadane var som forventa, melder selskapet.

Omsetnaden gjorde at det i hovudsak tyskeigde selskapet leverte eit overskot på 29 millionar kroner.

Det er vanskeleg å samanlikne dette med 2017. Då blei det gjennomført ei ny verdivurdering av selskapet, som førte til eit overskot på heile 154 millionar kroner. Men utan denne verdivurderinga ville selskapet ha fått 14 mllionar i overskot. Fjorårets resultat er dermed ei dobling frå 2017.
Eigarane i selskapet tok i fjor ut eit utytte på til saman 336 millionar kroner.

No er tredje byggetrinn av vindparken som kjent ferdigstilt. Vindturbinane i dette byggetrinnet er større enn dei eksisterande.

No består vindparken av 55 vindturbinar, med ein samla straumproduksjon på 150 megawatt. Alt ligg dermed til rette fort eit kraftig hopp i omsetnaden til vindkraftselskapet i 2019.

- Annonse -

I vår sendte selskapet melding til NVE om at dei ønskte å utvide vindparen. Ei sak der mange har uttrykt sterk motstand.

- Annonse -