Foto: Midtfjellet vindpark
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det tyske milliardselskapet som eig majoritetsposten i Midtfjellet vindpark i Fitjar har tru på fornybarmarknaden vil ta seg opp på lang sikt.

– Eg trur fleire utanlandske investorar vil få augene opp for norske naturressursar, sier Oldrik Verloop, administrerende direktør i Aquila Capital til Bergens Tidende.

Sidan 2011 har det tyske investeringsselskapet kjøpt opp vasskraftverk etter vasskraftverk i Norge. I tillegg kjøpte selskapet i fjor majoritetsposten i Midtfjellet Vindpark på Fitjar, etter at fleire norske kraftselskap selde seg ut etter store tap.

Stabile forhold

Administrerande direktør Oldrik Verloop, Foto: Aquila Capital

– Norge har stabile politiske og regulatoriske forhold. For ein langsiktig investor som trur at meir fossil energi skal byttast ut med fornybar, finnest det gode moglegheiter her, seier nederlenderen som styrer det tyske selskapet.

Det var under Bergen Næringsråds fornybarkonferanse onsdag at Verloop var invitert. Det var likevel ikkje alle som var overtydd om at det å investere i fornybar energi vert lønsamt dei neste åra.

- Annonse -
- Annonse -

– Marginen frå kraftproduksjon er under dramatisk press, seier Karl Magnus Maribu, senioranalytikar i DNB Markets.

Kollaps i markaden for elsertifikatar

Han peiker på at mange selskap i dag slit med å nå dei måla de sette seg for berre få år sidan.

– Fleire har inntekter rundt halvparten av forventning og mange prosjekt slit med å leve opp til forpliktingane, seier han.

- Annonse -

Grunnen er i all hovudsak fallande kraftpriser.

– Samtidig er marknaden for elsertifikatar i ferd med å kollapse, noko som gjer det mindre lønsamt å byggje ut mer fornybart, seier han.

Elsertifikatordningen i Norge er ei støtteordning som i utgangspunktet skal bidra til auka utbygging av fornybar energi fram mot 2020. Når prisen på sertifikatane – som i praksis er meirverdien utbyggjar får ved å byggje nye fornybare kraftverk – fell, vert det mindre interessant å investere.

Treng meir disiplin

Veerlop i Aquila Capital har ikkje mista motet, til tross for låge kraftprisar og dårleg lønnsomhet.

– Det krevjer sjølvsagt meir disiplin når det kjem til kostnadar i utbygginga, men me trur at me likevel kan gjere det lønsamt, seier han.

Fitjar vindpark AS hadde i 2015 eit sviande tap på 237 millioner kroner i resultat før skatt. Selskapet hadde skrive ned verdien på anlegget med heile 167 millionar kroner. Det var i det same året at energiselskapet Buskerud selde seg ut, og tyske Aquila kom inn med ein eigardel på 64,84 prosent.

Dei resterande prosenta er fordelt mellom Østfold Energi Vindkraft AS, Vardar Boreas AS, og Fitjar kraftlag som er inne med drøye tre prosent eigarskap. Selskapet konverterte i 2015 store deler av låna sine til eigenkapital, slik at eigarkapitalen auka frå 135 til 516 millionar kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -