Foto: Mestervindu
- Annonse -

Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

– Når me no blir kjøpt opp av ein større aktør så blir me tilført eit volum som gjer at me kjem til å auke ganske kraftig til neste år, seier fabrikksjef ved dør- og vindusfabrikken Mesterhus på Fitjar, Arvid Magnar Birkeland.

Det er det Vestfold-baserte selskapet Harmonie Norge AS som overtok alle aksjane i fabrikken 1. september i år.

Nye stillingar

Fabrikksjefen ventar ei kraftig auke i omsetnaden til neste år, på rundt 40 prosent, som eit resultat av oppkjøpet.

– Me forventar også nye stillingar, men det er vanskeleg å seie noko meir konkret om dette no.

- Annonse -

Birkeland trur oppkjøpet vil gjere marknaden til vindusfabrikken vesentleg større.

– I dag er marknaden vår 70 prosent lokalt og 30 prosent på austlandet. Til neste år vil eg tippe at marknaden blir fordelt 50/50 lokalt og resten av landet.

– Veldig godt selskap

Det var Arvid Magnar Birkeland, Vidar Ødegaard og Marcus Ødegaard som redda selskapet frå konkurs i 2015. Etter oppkjøpet har eigarane investert for 400 millionar kroner i fabrikken, og har snudd resultatet frå minus til pluss.

1. september overtok Harmonie Norge frå Stokke i Vestfold alle aksjane i fabrikken. Dagleg leiar i Harmonie Norge AS, Glenn Jarle Eriksen, seier dei ventar at  oppkjøpet vil føre til gode synergieffektar for Mestervindu.

– Me har hatt stor vekst dei siste åra, og dette er ein del av den vidare strategien om kontroll og produksjon av eigne produkt. Då er det viktig for oss at me no har overteke Mestervindu, som er eit veldig godt selskap som me kjende godt til frå før, seier Eriksen.

Treng kapasiteten

Det er i dag 50 tilsette i Mestervindu, og ifølgje Eriksen er det god kapasitet for auka produksjon på fabrikken.

– Selskapet hadde kapasitet, og me treng denne kapasiteten. Me har jo kjøpt dette i eit langsiktig perspektiv og ønskjer å utnytte kapasiteten som er der. Så er ikkje alt lagt enno, men me jobbar med kva strategi me skal ha framover.

Harmonie Norge hadde i fjor driftsinntekter på meir enn 200 millionar kroner, og har avtalar med store kjeder i Norge, noko som også Mestervindu på Fitjar vil dra nytte av.

– Me har jo store kjedeavtalar, både mot Mestergruppen og Coop, og ser for oss at fabrikken kjem til å dra nytte av dette. Det vil vere med på å sikre arbeidsplassar, seier Eriksen.

Mestervindu AS hadde i 2016 driftsinntekter på 66 millionar kroner og eit resultat før skatt på 3,3 millionar kroner. Kva fabrikken blei selt for ønskjer ikkje dei nye eigarane å kommentere.