Foto: Mesta
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Denne kontrakten var veldig viktig for Mesta, seier prosjektleiar Sven Ole Tveit.

Statens Vegvesen har nyleg hatt drift og vedlikehald av vegnettet i Sunnhordland for dei neste fem åra ute på anbod.

No er det klart at det er vegselskapet Mesta som sikra seg kontrakten. Frå 1. september vil dei ta over ansvaret for vegane i Sunnhordland frå NCC.

– Viktig kontrakt

– Dette var ein veldig viktig kontrakt for Mesta. Dette blir ein interessant jobb for oss, fortel prosjektleiar i selskapet Sven Ole Tveit.

Han fortel at Mesta fram til i dag har hatt ansvaret for vegvedlikehaldet i Hardanger og i Haugesund-regionen, der E39 mellom Arsvågen og Sandvikvåg også inngår. No vil dei altså vere den dominerande aktøren i heile regionen.

Mesta har vore på Stord tidlegare, men det byrjar å bli lenge sidan.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er ikkje første gong me har hatt denne kontrakten, men no har me vel vore vekke frå Stord i meir enn 10 år.

Nytt Stord-kontor

Men når dei no har sikra seg ein viktig femårskontrakt kjem vegselskapet til å skaffe kontor på Stord og tilsetje lokale folk.

- Annonse -

– Me kjem til å etablere oss i eit nytt kontor på Stord. Kor mange me vil tilsetje har me ikkje nett bestemt, men kanskje 5-6 mann. I tillegg vil me leige inn mykje i samband med vinterdrift for brøyting og strøing.

Allereie no har Mesta ei rekkje stillingsutlysingar ute på NAV.

– Me ser primært etter fagfolk som har erfaring med anleggsverksemd, og ein del maskinførarar.

NCC fekk asfaltjobb

NCC, som har kontrakten på vegvedlikehald i dag, går ikkje heilt tomhendt frå anbodsrunden.

Selskapet vann nemleg kontrakt på asfaltering i kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Bømlo og Kvinnherad.

– Me er svært glade for at me har landa denne kontrakten. Me får no eit solid fundament for høg aktivitet i denne regionen, seier Sondre Gjøstein, distriktssjef for Voss/Sunnhordland i NCC Industry.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -