Remi André Sortland tykkjer ikkje noko om at Arbeidarpartiet skulle bli motstandarar av Stordpakken. Her frå den første røystinga i kommunestyret før sommaren 2018. Foto: Jonas Sætre/Stord24 / privat
- Annonse -

Ap-politikar Remi André Sortland meiner Arbeidarpartiet ikkje lever opp til kva dei lova i valkampen ved å seie nei til Stordpakken, og svarar med å melde seg ut av partiet.

Førre veke kom den endelege avgjersla. Det blir ingen bompengering på Stord, som følgje av at kommunestyret for andre gong røysta nei til Stordpakken.

Utfallet av begge røystingane i løpet av det siste året har vore mykje knytt til Arbeidarpartiet sin motstand mot bompengeringen.

Men avgjersla om å seie nei til Stordpakken har ikkje vore like lett å svelje for alle i partiet.

Melder seg ut av partiet

Ap-politikar Remi André Sortland seier til Stord24 at han no er i ferd med å melde seg ut av partiet, som følgje av partiet sitt unisone nei til Stordpakken.

– Politikk handlar om verdival som ein trur er til det beste for samfunnet ein representerer. I fleire saker rettferdiggjer ikkje partiet sine verdival med prioriteringar eg meiner er viktige, seier Sortland.

- Annonse -

Han er i dag vararepresentant i kommunestyret for Ap, og fast medlem i komité for rehabiltering, helse og omsorg. Sorland har lang fartstid i Arbeidarpartiet på Stord. Han blei valt inn som styremedlem i lokallaget i 2009, og har vore aktiv i partiet heilt sidan tidleg 2000-tal.

No har han altså bestemt seg for å melde seg ut av partiet, og stille som uavhengig representant resten av kommunestyreperioden.

– Siste dråpe

Sortland stadfester at det var partiet sin snuoperasjon når det gjeld Stordpakken som førte til at han gjorde alvor av tankane om å melde seg ut av partiet.

– Stordpakken er siste dråpe som gjorde at utmelding var for meg eit vanskeleg, men eit riktig val, seir Ap-politikaren.

Han meiner Arbeideerpartiet ved å avvise Stordpakken ikkje lever opp til det dei lovde i den førre lokalvalkampen. Han viser til løftet som Stord Arbeidarparti gav under valkampen i 2015:

«Stord Ap vil arbeida for at innbyggjarane i Stord skal kunna ferdast på eit samanhengande nett for gåande og syklande langs alle hovudvegar i kommunen.»

Skuldar ikkje partiet

Sortland er klubbleiar Stord sykkelklubb, og naturleg nok oppteken av gode sykkelvegar i byen.

Når han no tek avgjersla om å melde seg ut av partiet, understreker han at det er eit personleg val, og klandrar ikkje partileiinga.

– Eg har ikkje delteke i diskusjonar innad i partiet når det gjeld Stordpakken. Eg har ikkje bidratt for eller i mot på denne saka, så eg har ingen andre enn meg sjølv å skulde på for at Ap gjekk i mot Stordpakken. Eg har heller ikkje noko tru på at eg var tungen på vektskålen i saka.

Stord24 kjenner til at det også er andre medlemmer i Stord Ap som ikkje er samde i partiet sitt nei til Stordpakken.

Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Stord kommune

– I sin fulle rett

Ordførar Gaute Epland (Ap) seier at han respekterer at den røynde Ap-kollegaen melder seg ut.

– Eg tenkjer at det er han i sin fulle rett til. Slik er det av og til i store enkeltsaker som enkelte medlemmer meiner er særleg viktige.

– Er det fleire medlemmer som har meldt seg ut av partiet grunna Stordpakken?

– Eg kjenner ikkje til det.

– Ikkje behov for å binde gruppa

Epland avviser at det har vore noko press frå partileiinga for å få kommunestyregruppa til å røyste mot si overbevising i saka.

– Kommunestyregruppa har komme til semje om eit felles standpunkt i denne saka. Det har difor ikkje vore behov for å binda gruppa.

Ordføraren meiner dei har hatt ein god prosess i partiet opp mot røystingane om Stordpakken.

– Prosessen har vore grundig og god. Kommunestyregruppa har hatt løpande diskusjon rundt saka og nådd fram til eit standpunkt som me alle stiller oss bak. I tillegg har me hatt fleire medlemsmøte om saka slik at me har sikra brei involvering, og at alle som har ynskt det har fått sagt sitt, seier Epland.

- Annonse -