Vi har hatt nokre sommardagar tidlegare i år, som her i Mobergsvikjo i Os 12. juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Om du klarer deg med 18-20 gradar så kan du seia at «no kjem sommaren til Os».

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

Årets maimånad var, for første gong sidan 1894, kaldare enn april, skreiv BT.no på forsommaren.

No har vi lagt bak oss ein junimånad med temperaturar nærmare normalen for Vestlandet, og det ser foreløpig ikkje ut til å koma tropetemperaturar i juli heller.

Men det skal koma høgare temperaturar og sol!

Måndag har vore overskya, men med opphaldsvêr. I kveld skal det letta og koma sol.

- Annonse -

Til tysdag og onsdag er det meldt 18 gradar og skyfri himmel på Stord!

Vindstyrken skal dessutan halda seg på under 4 m/s.

Torsdag og fredag skal òg bli solrik – med temperaturar opp i over 20 gradar.

Vêret skal halda seg stabilt, lettskya og 17-18 gradar, gjennom helga og ut i neste veke.

Dette er godt nytt for dei som ferierer heime, og for dei som skal på Tysnesfest til helga.

Sjå detaljert vêrmelding for Stord på VG Pent (Yr og Storm side om side)

- Annonse -