Klubbleiar i Leirvik, Richard Storevik inviterte stortingsreprentant Espen Barth Ede (Ap) til Stord i mai. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Nytt samarbeidsorgan mellom Fellesforbundet og Arbeidarpartiet gjer no at mange frå industrien kjem inn igjen i varmen.

Arbeidarpartiet sitt nei til konsekvensutgreiing i Lofoten på landsmøtet i vår førte til ei rekkje utmeldingar frå Fellesforbundet, deriblant den profilerte klubbleiren på Leirvik AS, Richard Storevik.

No seier Storevik til Dagbladet at han mest truleg kjem til å melde seg inn igjen i partiet, etter at det blei kjent at det no blir inngått ein ny samarbeidsavtale mellom Ap og Fellesforbundet.

– Får me til denne avtalen om tettare samarbeid, regknar eg med at me blir lytta til. Det skulle berre mangle at me ikkje skulle bli høyrt, seier Storevik til avisa.

Det nye samarbeidsorganet skal ha fire sentrale politikarar frå Ap, inkludert AUF, og fire frå Fellesforbundet. Det er venta at avtala skal bli signert i løpet av sommaren.

- Annonse -

Mange varsla etter landsmøtevedtaket at dei ikkje hadde noko tillit til partiet sin energi- og klimapolitiske talsperson, Espen Barth Eide. Det var også bakgrunnen til at Storevik inviterte Barth Eide til Stord for nokre veker sidan.

- Annonse -
- Annonse -

Men i følgje Dagbladet er det framleis stor motstand mot Barth Eide, og mange i fagforeningsmiljøet ønskjer ikkje at han skal vere ein del av det nye samarbeidsorganet.

- Annonse -