Geir Angeltveit. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

Lesarbrev: Ved å stilla deg disponibel så hjelper du oss i å gjere det domstolane meir representative og dermed demokratiske.

Av: Geir Angeltveit,
Stord Venstre

Kommunen skal velja 20 meddommarar til Gulating Lagmannsrett og 52 til Sunnhordland Tingrett. 

Me treng fleire kandidatar, og yngre kandidatar. Gulating Lagmannsrett snittsalder i dag: 63 for menn og 56 for kvinner. Sunnhordland Tingrett: 53 for menn og 51 for kvinner.

Er du mellom 21 og 70 år i år, folkeregistrert i Stord Kommune, snakkar godt norsk og har vore statsborgar i Norge/Norden dei siste tre åra, og ikkje innehar straff/jobb som utelukker din nøytralitet, så er du mest sannsynleg kvalifisert.

Domstolane er ein viktig del av demokratiet. Ein skal dømmast av sine likemenn. Lekfolk (meddommar) speler ei viktig rolla i vårt rettssystem, men i dag er det ofte vanskeleg å finna tilstrekkeleg folk til å vere meddommarar.

- Annonse -

Ved å stilla deg disponibel så hjelper du oss i å gjere det domstolane meir representative og dermed demokratiske. Og ikkje minst vil det være svært lærerikt for deg å vere ein del av det demokratiske rettssystemet. Du vil få innføring, informasjon og rettleiing i denne viktige jobben.

Eg er stolt av at me i Venstre har mange som har stilt seg disponible som lekfolk. 

Kjenner du på eit ønske om å bidra, meld di interesse til Stord kommune eller ein lokalpolitikar som kan vidareformidla.