Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Årets Nordvegen-framføring i Moster Amfi var ein mektig kombinasjon av sterke og harmoniske røyster, norrøn livsfilosofi og ein vågal miks mellom akustiske og elektronisk musikk.

Av: Håvard Folkestad

Konsertmelding, Nordvegen – Moster Amfi, 02.06.2018

I høve grunnlovsjubileet i 2014 vart musikarane Einar Selvik og Ivar Bjørnson engasjerte for å komponere ein song til ære for nasjonen vår. Samarbeidet resulterte i songen Skuggsjá, som er det norrøne ordet for spegel/refleksjon.

Misjonen deira var at me som moderne nordmenn må sjå tilbake på fortida vår slik at me kan lære noko av ho. Det ligg ein undertone av at me må vere stolte av den gamle kulturen vår, og ikkje la denne forsvinne i det stadig meir fleirkulturelle Noreg. For me har all grunn til å vere stolte av forgjengarane våre: Kampen for personleg fridom, folkestyre og religionsfrileik stod sterkt i sinna deira. Dei skydde ikkje ta opp kampen mot dei som prøvde å undertrykke dei.

Demokratiet er følgjeleg ein viktig del av våre djupe kulturelle røter, og er noko me også den dag i dag lyt kjempe for om me ynskjer å behalde det i form av si opphavlege betydning.

- Annonse -

Bergensaren Selvik er mest kjent som frontfigur i norrøn-folk-bandet Wardruna, bandet som står for mykje av musikken som er å høyre i den irsk-kanadiske TV-serien «Vikings». Den innfødde etnebuen Bjørnson er mest kjent som gitarist i det anerkjente svartmetallbandet Enslaved.

Samarbeidet gav meirsmak

Samarbeidet mellom Selvik og Bjørnson i 2014 gav meirsmak, og førte til eit vidare samarbeid som i 2016 resulterte i eit heilt album med referansar tilbake til vår førkristne kultur. Albumet fekk tittelen «Skuggsjá» i likskap med bestillingsverket frå 2014.

I 2017 vart duoen del av programmet til Festspillene i Bergen, og framførte musikken sin på historiske signifikante stadar rundt om i Hordaland under konsertnamnet Nordvegen. Eitt av stoppa var på Moster, staden der ein av kristningskongane våre, Olav Tryggvasson, i fylgje sagalitteraturen først gjekk i land i Noreg etter han kom frå England for å gjere krav på arveriket sitt etter oldefaren og nasjonsbyggjaren Harald Hårfagre.

Musikken som vart framført denne gongen danna grunnlaget for det nye albumet «Hugsjá» som var gjeve ut tidlegare i år. «Hugsjá» er eit norrønt ord og tyder «å sjå ved hjelp av sinnet». Misjonen denne gongen er at sinnet vårt stundom kan sjå lengre enn auga våre kan

Etnebuen Ivar Bjørnson frå Enslaved imponerte på kassegitar. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ny konsert

Eitt år etter den første Nordvegen-konserten i Moster Amfi er duoen atter ein gong på plass. Vêret er strålande – perfekt for ein konsert i amfiet i naturskjønne omgivnadar

Kikar ein i litt konsertprogrammet, så kan ein lese at Selvik og Bjørnson i år har fått med seg den færøyske artisten Eivør Pálsdóttir, i lag med bandet hennar. For underteikna er Eivør ein ukjend artist, så det er knytt forventingar både til sjølve artisten og til korleis norrøn-douen kjem til å integrere ho.

Dei første songane som vert framført er velkjente for dei med kjennskap til Selvik og Bjørnson. «Hugsjá» og «Ni mødrer av Sol» er songar frå det nyaste albumet deira. Røysta til Selvik er kraftig og berande. Det er heller ikkje antyding til brestingar i ho. Kraftige og reine tonar. Rett og slett veldig imponerande.

Det høyrest også godt når sjølvaste Bjørnson stemmer i. Rett og slett ein mektig kombinasjon.

Det einaste som har øydelagt opplevinga litt så langt er kvaliteten/kalibreringa til/av PAanlegget. Ved fleire høve hadde det vore fint å kunne halde seg litt for øyra. Lyden var etter mi oppfatning noko skarp, og dynamikken kunne ha vore langt betre. Kvaliteten på røystene til artistane gjer likevel at lydkvaliteten blir neglisjerbar.

Me får også framført Wardruna-sangen Fehu, og ein fornorska versjon av Enslaved-sangen Return to Yggdrasil, før Selvik på nytt tek tak i mikrofonen sin. Han gjer no publikum klare for å ta imot færøyske Eivør og bandet hennar.

Eivør frå Færøyene imponerte. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Formidable songprestasjonar

Eivør byrjar å synge, men hovudpersonane glimrar heilt med sitt fråvær. Overgangen frå norrøn folkemusikk til den elektroniske Eivør-musikken er ikkje ubetydeleg. Ho fortel litt om opphavet til songane sine. Men eg ser ikkje heilt forbindelsen til Nordvegen-konseptet som baserer seg på dei norrøne kulturelle røtene våre.

Greitt nok: Om me skal stole på islendingsagaane og andre samtidskjelder frå 800-talet så var det nordmenn som koloniserte Færøyene og mange av vesterhavsøyene. Ikkje minst Island. Men burde dette vere eit god nok argument for å inkludere ein artist i eit norsk kulturprosjekt? Kan hende. Me har jo i botn og grunn mykje av den same kulturen i blodet vårt. Og det færøyske språket er jo i den norrøne språkgruppa på lik line med det norske.

Den vokale prestasjonen hennar er her heilt formidabel, og det er fascinerande i kva grad ho lever seg inn i musikken. Hadde det ikkje vore så varmt i lufta denne dagen, så er eg brennsikker på at eg hadde fått frysningar gjennom kroppen av stemma hennar. Det er tydeleg at Eivør ikkje prøver å formidle urnordisk kultur slik som Selvik og Bjørnson gjer. Det er ingen ting i vegen med det. Ho tilfører likevel noko urnordisk gjennom språket sitt, og viser tydleg at også elektronisk samtidsmusikk kan gi følelsen av urnordisk identitet. Ikkje minst har musikken hennar til tider eit dyrisk preg over seg.

Til dauden

Så har sola gått ned bak Vetahaugen, og det er klart for siste del konserten. Selvik, Bjørnson og kompaniet kjem inn att på scena, og annonserer at neste song handlar om dauden. Det er snakk om Selvik-Bjørnson-songen Kvervandi. Eivør skal også vere med å synge. Ei flott avslutting på ein flott konsert. Det kan det ikkje vere tvil om.

Selvik ynskjer at me skal synge meir i kvardagen. Song er medisin for sjela, seier han. Synge slik me gjorde i gamle dagar, då me laga songar for alle situasjonar. Han spør kven som skal synge han inn i daudsriket. Han har laga ein song om denne siste reisa. Det viser seg at det er tid til enda ein song. Han annonserer at siste songen er Wardruna-songen Helvegen. Fantastisk. Ein song om vegen fram til Hel. Over Gjallarbru. Gjennom Helgrind.

Artistane får ståande applaus. Vél fortent. Det er berre å sjå fram til ny konsert til neste år. Det er i alle fall lov å håpe. Konserten i år gav i alle fall meirsmak, for dette var ein svært minneverdig oppleving. Noko uventa innhald og litt dårleg lydkvalitet – men like fullt veldig bra.

Gruppa fekk ståande applaus. Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -