John Tonnessen i Miljøpartiet Dei Grøne reagerer på at kommunestyret vedtok bygging av ny fotballbane i Prestegardsskogen med granulat. Foto: Erik Joner, NIBIO
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Debatt: Eit av dei mest skuffande vedtaka kommunestyret tok i fjor var å byggja kunstgrasbane på Prestagardsskogen.

Av: John Tonnessen,
Ordførarkandidat, Stord MDG

Den tredje lærdommen frå MDG si tid i kommunestyret på Stord er at dei fleste interesser går før miljø. Eg tenkte det var spesielt tydeleg då Ap, Høgre og Frp i TV-debatten på Nrk sa at det er klimakrise i verda, men ikkje på Stord. For ein gongs skyld overdriv eg ikkje når eg spør: kva planet er me på?

Eit av dei mest skuffande vedtaka kommunestyret tok i fjor var å byggja kunstgrasbane på Prestagardsskogen. Til ein pris av 4,7 millionar kroner frå kommunens stramme budsjett var dette dårleg pengebruk, men og forferdeleg med tanke på miljø. Venstre, MDG og SV røysta mot.

I dei siste åra har me hatt plast-hval, og me har plast-fugl, og me har plast-fisk, som media likar å forkorte plast-forgifta dyreliv til.

- Annonse -

Ein kunstgrasbane mister i snitt fleire tonn gummigranulat kvart år. Rett ut i naturen. Du veit kor det havnar, du har sikkert rista desse granulata ut av skoa, eller klea, og det er berre smuler av det som regn og snø flyttar frå banen og ut i vassdrag, i jord, og til slutt i dyra.

- Annonse -
- Annonse -

Bildekk er spesialavfall, men i oppkverna form skal det vere greit å dumpe det i naturen i tonnesvis, og ungane kan rulla seg i det. No ser det ut til at EU og Noreg nasjonalt skal komma til å forby kunstgrasbanar.

Nok ein gong var MDG for tidleg ute.

- Annonse -