Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Talet på tjuveri frå offentlege stadar i Stord lensmannsdistrikt har gått kraftig opp det siste året.

– Eg har ikkje noko klart svar på kvifor trenden er slik den er. Dette er nok eit samansattt bilde, seier Stord-lensman Roald Raunholm.

Sør-Vest politidistrikt publiserte i dag kriminalitetsstatistikken for 2018. For vårt område er det ganske stabile tal på dei fleste kriminalitetsområde.

Unntaket er talet på tjuveri på offentleg stad. Her har Stord lensmannsdistrikt, som inkluderer Stord, Bømlo og Fitjar, registrert 38 tjuveri i 2018. Det er 20 fleire enn året før, då talet var 18.

Få tjuveri samanlikna med resten av distriktet

Stord-lensmann Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Lensmann Raunholm seier dette er eit av kriminalitetstypane der politiet har lite påverknad på statistikken.

– Ofte går tala opp på område der me har meir førebyggande aktivitet. Når me fokuserer på ein ting går tala gjerne opp. Til dømes når me går ut og ønskjer tips om straffbar deling av bildemateriell så får me telefonar. Men tjuveri er noko me har lite påverknad på sjå, og det som blir opplevd av publikum sjølv, seier Raunholm.

- Annonse -
- Annonse -

Sjølv om talet på tjuveri har gått kraftig opp, er det likevel få tjuveri per innbyggjar samanlikna med andre stadar i politidistriktet. Tala frå Stord lensmannsdistrikt viser 1,12 tjuveri per 1000 innbyggjar, samanlikna med 2,36 i Haugesund og Karmøy.

- Annonse -

Mykje valdskriminalitet

Når det gjeld valdskriminalitet er situasjonen verre. I fjor vart det registrert 181 valdshendingar i Stord, Fitjar og Bømlo, opp frå 166 i året før. Det utgjer nesten like mange per innbyggjar som i Haugesund/Karmøy og i Stavanger-området.

– Auken innan kriminalitetstype «vald» kan skuldast endringar i den nye straffelova der statistikkgrupper som tidlegare var kategoriser under andre lovbrot, som trugslar og forulemping av offentlege tenestemenn, blei tilordna kriminalitetstype vald, står det i rapporten.

Eit lyspunkt i kriminalitetsstatistikken er at talet på narkotikakriminalitet har gått ned, frå 235 i 2017 til 198 i fjor.

Inntrykket til Roald Raunholm er at det samla kriminalitetsbildet på Stord, Fitjar og Bømlo er ganske stabilt.

– Det svingar ikkje så mykje, og totalen er ganske låg. Det er den forståinga me har. Det er ikkje nokre tendensar som stikk seg ut, kanskje med unntak av kriminalitet blant dei under 18 år. Her har det vore ei oppsving, men det er gjerne fordi me har sett inn ekstra tiltak.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -