Av: Marit Himle Pedersen, fylkesstyremedlem, Utdanningsforbundet i Vestland

På Stord skal politikarane snart gjera vedtak som vil få store konsekvensar for innbyggarane framover. Å legga ned sentrumsskulen Leirvik skule, med 350 elevar kan bli realitet, i tillegg til Litlabø skule med nesten 100 elevar.

Rådmannen rår politikarane til dette. KS konsulent er hyra inn for å overbevisa folket om at dette MÅ gjerast. Det må det jo ikkje, politikk er prioriteringar. Krevjande ja, men like fullt prioriteringar.

I denne saka er det elevane på Stord som kan risikera å bli priortert vekk. Elevane skal fordelast på skular som allereie er store barneskular, og tildels sprengt. Mange vil få lang veg, og barneskulane våre blir svært store. Prosessen har gått så fort at konsekvensutgreiinga må seiast å vera tvilsom. Det gjeld både dei økonomisk konsekvensane, trafikkale og pedagogiske. 16 dagar frå vedtak i kommunestyret til evt nedlegging er etter mitt syn i alle fall ikkje i trå med barnets beste, som er Grunnlovsfesta!

Det pedagogiske er det ingen av dei ansvarlege som legg særleg vekt på. Det er trist. Det er mange utfordringar som møter dei unge idag. Alle møtes i skulen. Stord kommune har vore av dei kommunane som har brukt minst pr elev i mange år. At ein har bygd nye ungdomsskular i kommunen dei siste åra var heilt naudsynt, då to av desse var i ferd med å detta ned. No var det barneskulane sin tur.

Me treng funksjonelle skulebygg, og me treng realistiske budsjett for å driva ei av kjerneoppgåvene til kommunen; den offentlege skulen. Difor burde politikarane i Stord heller satsa på skulen, enn å svekka den.

Skal Stord vera ein attraktiv kommune å bu i, er foreldre opptekne av kva skule ungane deira går på.

Det vert sagt at desse grepa må gjerast for å bygga framtidas skule. Vel, fin retorikk, men neppe realitet. Midlane ein kanskje sparar, er ikkje øyremerka drift av dei andre skulane.

Eg er svært uroa over utviklinga og prioriteringane som no vert gjort. Sikkert kjekkare for politikarane å bygga ishall, cruisekai, og så vidare.

Kommunale tenester handlar om det viktigaste i folk sine liv, DET må prioriterast, og no er det skulen me må ropa varsku for. Me må satsa på skulen for å hindra utanforskap og rusta barn og unge for å ha gode liv.

Eg ynskjer meg politikarar som prioriterer barn og unge, som er dei som skal utvikla samfunnet vårt vidare. Spent på vedtaket i kommunestyret, om me har det…

Innlegget vart først publisert på Facebook, og er attgjeve i Stord24 etter avtale med skribenten.