Av: John Einar Moe Aase, far til barn på Litlabø skule

Dette framstår som eit behov for å vise handlekraft, men det slår så inderleg feil ut. Forhasta, utan tvil. Det er me foreldre som vert oppmoda til å være positive til dette for å ikkje uroe borna.

Men å uroe borna har politikarane klart for lenge sidan.

Når jentungen kjem ut frå garderoben i symjehallen og fortel at jenter frå dei andre skulane snakka om det, så kjennes det i magen. Me har forklart at dette er noko som kan skje. Men det er og dessverre overhøyrd foreldre frå skulane som skal ta i mot desse elevane. Det er komme generelle karakteristikkar om borna som kjem, og uttale om at dei ikkje er ynskja. Me håper det er svært få foreldre med slike haldningar, men det er naturleg å tru at det då er elevar som dessverre vil ha samme haldningar. Då kan det fort (eller har det allereie?) smitta over på medelevar.

Er det i det heile tatt lovleg å legge ned ein skule, når neste nærskule i praksis er full? 17 ledige plassar? Resten av dei 103 elevane skal då slusast vidare til neste skule igjen (som grunna svært rare krinsgrenser no vert borna sin nye nærskule). Utan trygge stader å krysse vegen. Der er ikkje fotgjengerovergangar fordi det ikkje er trygge stader å plassere dei. Då er det vanskeleg å sjå at det er tryggare for borna å krysse vegen utan.

Det er mykje som skurrar her, og menneskelege aspekt er ikkje prioritert ser det ut til. Å prøve å pakke dette inn som barnets beste? Den kjøper eg dessverre ikkje.

Ei enorm uro for ca 450 elevar. Med minst 2 føresette per born, så vert det uro for ein betydeleg del av befolkninga. Om ein legg til besteforeldre og søsken vert det endå fleire berørte. Dette burde HEILT klart vore informert om før valget. Men det har ein ikkje turt, for då hadde dei ikkje vore i posisjon. For dette er ei stor og vikteg politisk sak. Difor framstår det heile lite demokratisk. Det er MI meining.

Og ja, eg angrar på at stemma mi gjekk der den gjekk.