Av: Marianne M. Tveit, plasstillitsvalt FO Stord, Gyda S. Meldahl, veiledar Nav Stord/busosialt team i Stord kommune og Oddny Barmen, fagansvarleg sosiale tenester ved Nav Stord

«Formålet med uføretrygd er å sikre inntekt for personer som har fått sin inntektsevne varig nedsatt på grunn av sykdom, skade eller lyte», fastslår folketrygdlova i § 12-1.

Men i § 12-19 står det «Personer som mottar uføretrygd, får ytelsen redusert etter bestemmelsene i denne paragrafen under opphold i en institusjon med fri kost og losji under statlig ansvar eller tilsvarende institusjon i utlandet. Uføretrygden blir ikke redusert under opphold i somatiske sykehusavdelinger».

Her kjem to historier:

1. Ola (43 år) er uføretrygda. Han ligg inne som langtidspasient ved Haukeland universitetssjukehus grunna alvorleg kreftdiagnose. Ola bur på Stord, leiger husvære og har såleis sine faste utgifter medan han er i behandling.

Ola si uføretrygd vert ikkje påverka eller endra medan han er i behandling. Dei faste utgiftene til Ola vert trekt frå kontoen hans ved forfallsdato.

2. Kari (43 år) er uføretrygda. Ho ligg inne som langtidspasient ved Valen Sjukehus grunna alvorleg schizofreni. Kari bur på Stord, leiger husvære og har såleis sine faste utgifter medan ho er i behandling.

Kari si uføretrygd vert redusert etter ca. tre månader i behandlingsforløpet. Kari får varsel om utkasting etter seks månader fordi husleige ikkje er blitt trekt frå konto grunna manglande dekning.

Sosionom på Valen sjukehus hjelper Kari med å dokumentere buutgifter for å få auka opp trygdeutbetaling tilsvarande desse. Etter tre månader vert trygda på nytt redusert, fordi Kari ikkje har lese vedtaket frå Nav som er sendt til hennar postkasse på Stord.

Det er eit krav at Kari kvar tredje månad må dokumentere at ho har betalt sine bu- og straumutgifter, for å oppretthalde tillegget til buutgifter i trygdeutbetalinga.

Kvifor skal ein pasient som er langtidsinnlagt i psykiatrien måtte dokumentere at hen har betalt for sine naudsynte livsopphaldsutgifter, der ein langtidspasient i somatikken ikkje får dette spørsmålet i det heile?

Me, som er tilsette i Nav, tolkar lovverket om uføretrygd og langstidsbehandling i psykiatrien som særs diskriminerande og stigmatiserande.

Me finn det vanskeleg å forstå, og stå inne for, at ei yting skal bli redusert fordi du er i behandling for sjukdommen din, den same sjukdommen som ligg til grunn for ytinga du er innvilga.

Og lat oss tilføye: det skjer berre dersom du er innlagt grunna psykiske lidingar, ikkje om du er somatisk sjuk.

Så kva kan vere årsaka til denne skilnadsbehandlinga av uføretrygda personar som treng behandling?

Det første me tenkjer er at AS Noreg ser på denne løysinga som eit godt sparetiltak. Men har ein då tatt med i reknestykket alle dei ulike ressursane og instansane som jobbar med å sikre personar som er innlagt i psykiatrien pengar til naudsynt livsopphald og buutgifter?

Me ser at det å følgje opp lovverket slik det er i dag, krev store ressursar.

Me er kjend med fleire enkeltsaker der sosionomen på sjukehuset, behandlar på sjukehus, Nav-veiledar, gjeldsrådgjevarar og sakshandsamarar jobbar rundt same pasient for å sikre naudsynt inntekt.

I vårt eksempel har det gått fleire dagsverk i dette. Dette kostar pengar! Me finn det lite truleg at AS Noreg går i pluss.

Det andre me tenkjer er at lovverket ikkje er i tråd med samfunnsutviklinga generelt og særleg ikkje i tråd med utviklinga innan spesialisthelsetenesta for personar med psykiske lidingar.

Kan hende var det slik før i tida, at dersom ein vart innlagt i psykiatrien, ja, så var ein der kanskje livet ut. I dag er det ikkje slik.

I stor grad tek ein sikte på at behandling skal skje i nærmiljøet til pasienten, der målet er at pasienten skal tilbake til sin heimkommune, tilbake til sin bustad og sitt nettverk.

Me må heller ikkje gløyme at personar som er langtidsinnlagt i psykiatrien, i stor grad er innlagt fordi dei ikkje klarer å ivareta eigne rettar. Fleire manglar samtykkekompetanse.

Likevel forventar samfunnet at dei skal følgje opp og sikre rettane sine, som samfunnet på den andre sida meiner dei ikkje er i stand til å gjennomføre. Ofte går dette gale og diverre er våre erfaringar at fleire pasientar endar opp med gjeldsproblematikk etter institusjonsopphald i psykiatrien.

Me kan ikkje ha det slik at pasientar takkar nei til, eller avbryt behandling som er naudsynt, grunna økonomisk situasjon. Me er uroa for våre brukarar, då me ser at den økonomiske konsekvensen av å vere i langtidsbehandling innan psykiatrien, hindrar tilfriskingsprosessen.

Det tredje me tenkjer, og dette er ein tanke som ingen burde hatt i 2024, er at lovverket slik det står i dag, meiner at psykisk liding ikkje er like mykje verd som somatisk liding.

At det ikkje er så nøye med økonomien til personar som har blitt uføretrygda og som treng psykiatrisk langtidsbehandling.

Ein kvalmande tanke, men spørsmålet må likevel stillast.

Er menneske med somatiske lidingar meir verd enn dei med psykisk sjukdom?

Absolutt ikkje, men lovverket slik det står i dag, opererer med ein tydeleg skilnadsbehandling som me ikkje kan stå inne for.

Tida er inne for lovendring! Det er skammeleg at me i 2024 ikkje har kome lengre. Er du ikkje einig?