Av: Ap sine representantar i OKU: Per Jan Ingebrigtsen, Constanse Leth Iversen, Inger Christin Hystad Barane

Spørsmål til møtet i utval for oppvekst og kultur 21.mai.

I dag, tysdag 14.mai, vart det kjent at regjeringa vil gjera endringar i inntektssystemet som gir Stord kommune 37,5 millionar kroner i auka inntekter årleg frå og med 2025.

Altså vil ein fram til 2027 få ca 112,5 millionar kroner meir i inntekter enn det som er lagt til grunn i inneverande økonomiplanperiode.

Til samanlikning er forventa innsparing med nedlegging av Litlabø skule om lag 8 millionar kroner i same periode.

Med heilt andre føresetnader enn det som låg til grunn for prosessen, meiner me i Arbeidarpartiet at det pågåande arbeidet med endring av skulestrukturen må stoppast umiddelbart.

Saka har skapt stor uvisse i lokalsamfunnet vårt, og mange innbyggjarar reagerer sterkt på at ei slik sak kjem opp utan at nokon av partia i kommunestyret varsla det i forkant av fjorårets val.

Med endra økonomiske føresetnader har ein no tid til i det minste å venta til etter neste lokalval med å gjera eventuelle endringar i strukturen, og partia kan ta stilling til dette i sine partiprogram, slik at veljarane får sagt sitt gjennom stemmeseddelen.

Arbeidarpartiet vil difor oppmoda leiaren i OKU om å ta initiativ til at saka vert stoppa i utvalet.