Av: Eva Herskedal Irgens,

4. kandidat Stord Frp

Endringar trengs i helse- og omsorg. Ein må gjera det meir attraktivt å jobba i sektoren. Eg er sjølv tilsett i sektoren, og meiner det er fantastisk å kunne ha som jobb å hjelpe andre. Likevel ser me at sektoren er utfordra på fleire område, særskild på bemanning.

For at det skal bli meir attraktivt å jobba i sektoren må me vera opne for nye måtar å jobbe på. Ofte handlar det om å få tida til å strekke til, fleire hender vil letta på trykket på dei tilsette. Det vil også gi auka kvalitet på tenestetilbodet, og auka livskvaliteten til brukarane. I tillegg vil fleire hender vera eit viktig ledd i å redusera sjukefråværet. Difor har me foreslått auka grunnbemanning i budsjettforslaga våre.

Me ynskjer folk i heile stillingar, med tilrettelagte turnusar som medlevarturnus og nordsjøturnusar. Her må me tenke nytt, våga å prøve ut nye ting og gi dei tilsette meir valfridom. Dette veit me førar til lavare sjukefråvær, det gjer kommunen  til ein attraktiv arbeidsgivar, og det gir mulighet til å stå i jobben.

Som eg har tatt opp i Rehabilitering, Helse og Omsorgsutvalet (RHO) ved fleire høve, god oppfølging av helsefagarbeidarane er svært viktig for at dei skal fullføra utdanningsløpet og vera motiverte for å fortsetta i kommunen etter endt læretid. Lærlingane skal bli godt motteke, få god oppfølging undervegs og oppleve ein god og trygg arbeidskvardag med ein veiledar som har tid til dei.

Det er og viktig å halde fram den gode dialogen med Høgskulen for å behalde sjukepleiarar i kommunen etter endt utdanning.