Av: Kine Johnsen Aadland

Her er Laura. Ho er snart 6 år og skal begynne i første klasse på Leirvik skule til hausten, saman med rundt 55 andre spente skulestartarar. Fjerde generasjon elev på Leirvik skule der altså, sprekkeferdig av stolthet.

Det er mykje som er sagt og skrive om prosessen rundt skulestruktur den siste tida, og det er skuffande å sjå kor lite medverknad frå innbyggjerane som er teke med i det vidare arbeidet.

Alle veit at skulekrinsar har mykje å sei for busetting. Oppvekstmiljø og avstand til skule vég for dei fleste langt tyngre enn gode solforhold og utsikt.

Ein riggar seg for kvardagar og smidige morgonar der ungane trygt kan ferdast til og frå skulen på sjølstyr, saman med gode leikekamaratar og klassekameratar i nabolaget. Det er mykje her som ikkje får plass i rådmannen sitt excelark.

I følgje kommuneplanen sin samfunnsdel som er vedtatt gjeldande for 2022 – 2034 skal kommunen styrke Leirvik som sentrum gjennom blant anna å «Gjere det attraktivt, også for barnefamiliar og studentar, å bu og opphalde seg i Leirvik sentrum».

Om ein legg ned den einaste skulen i sentrum vil ein ganske fort styre busettinga vekk. Noko som i neste omgang vil svekke Leirvik og dei tilboda me har i dag, og eit svekka sentrum vil slå negativt ut for alle i kommunen.

Me som har valt å busette oss i sentrum har valt det av ein grunn.

For min del er det viktig å ha fridom til å kunne gå eller sykle til alt eg treng. Eg vil ha lett tilgang til kulturtilbod, handel, drøs på Åtgaum eller ettermiddagskonsert på Osvald. Eg vil handla jordbær på torget, eg vil innom Nobel og Gallergi Giga og eg vil på quiz på Arena. Eg vil trille med meg kofferten min og hive meg på ein buss til Bergen eller Stavanger og eg vil på Frugård å eta baggis med kylling og bacon på lørdagar i ny og ne. Og eg vil at mine tre ungar skal kunne komme seg lett til skule, idrettsanlegg, basseng og kino med minimalt av logistikk og bilkjøring.

Hadde eg flytta heim att etter endt utdanning om Leirvik sentrum ikkje hadde ein skule? Heller tvilsamt.

Utan Leirvik skule blir Stord kommune i sin heilskap ein mindre attraktiv kommune å bu i.

Nok ein gong stikk i strid med strategien Stord kommune sjølv har vedtatt der me kan lese at målet er at: «Stord har årleg folketalsauke på éin prosent».

Stord skal også i følgje kommuneplanen vere ein nullutsleppskommune innan 2030, der ein av tiltaka for å nå dette målet er å «Leggje til rette for at fleire kan gå og sykle til daglege gjeremål».

Å legge ned ein skule med over 350 elevar der dei fleste no har kort veg til skulen vil tvinge fleire til å bruke bil for å få kvardagen til å gå rundt.

Me må tenke på framtida seier ordføraren. Befolkninga blir eldre og eldre, og det blir færre yrkesaktive som skal løyse fleire av samfunnets oppgåver. Difor uttalte han til Sunhordland 5. mars i år at det er viktig at me no «flyttar økonomien frå dei unge til dei eldre».

Me må tenke på framtida ja, der er me samde. Men middelet er me ikkje samde om.

Det er ungane våre som er framtida. Det er dei som skal løyse alle desse oppgåvene i framtida. 2050 blir stadig nevnt som eit referansetal. I 2050 vil 26% av befolkninga på Stord vere over 66 år, versus dagens 16%.

Laura og hennar klassekameratar er 32 år gamle i 2050. Me må som samfunn ruste dei til å bli ressurssterke og i stand til å løysa desse utfordringane som kjem. Å sjå på dei som utgiftspostar ein skal spinke og spare på, vil vere ein dårleg strategi for å rigge oss for framtida.

Ei åtvaring til politikarane og kommuneadministrasjonen; her har de ingen tabbekvote. Vedtak som desse kan ikkje reverserast og så er alt som før. Lytt til innbyggjerane, lytt til fagfolk, og sett barnas beste først.

Sats på framtida. Vern om Leirvik. Gi ungane våre gode oppvekstvilkår.

Oppmoda alle til å signere oppropet FAU har oppretta: https://www.opprop.net/nei_til_nedleggelse_av_leirvik_skule

Innlegget vart først publisert på Facebook, og er publisert i samråd med forfattaren.