Arbeidarar samla i helikopterhangeren på toppen av Johan Sverdrup-plattforma hausten 2018. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Raudt sin ordførarkandidat på Stord, Rose Maiken Flatmo, meiner det er eit stort problem for kommuneøkonomien og klimaet at ikkje fleire framandarbeidarar flyttar til Stord.

Måndag skreiv Stord24 om at talet på nye bustadar dei siste fire åra har auka med over 400, medan utviklinga i folketalet har vore flat.

Etter at saka vart publisert har me fått tips om at dette spriket viser at den offisielle folketalsutviklinga på Stord er noko misvisande fordi det er færre framandarbeidarar som buset seg på Stord no enn for fleire år sida.

Tal som Stord24 har fått frå Stord kommune viser at det har vore ein forholdsvis stor nedgang i innbyggjarar frå typiske pendlarland dei siste åra.

For tre år sidan var det 390 innbyggjarar frå Polen som var folkeregistrert på Stord. I dag har talet falle med over 100, til 287 personar i fjor. Talet på registrerte innbyggjarar frå Litauen har falle endå meir markant, frå 102 til 26 i same periode. Personar frå Romania har gått ned frå 77 til 40.

– Kollossalt med folk på øya

Andreas Hauge trur det er svært mange framandarbeidarar på øya som ikkje er folkeregistrert på Stord. Foto: privat

Andreas Hauge, som driv utleige av leilegheiter gjennom selskapet Coast Apartments, meiner likevel at det ikkje er færre framandarbeidarar på øya no enn før, sjølv om det er mange færre innbyggjarar i dag frå land med mange framandarbeidarar enn for tre år sidan.

- Annonse -

– Det er kollossalt med folk rundt på øya. Det bur nok mest sannsynlegvis eit par tusen folk på Stord som ikkje er folkeregistrert her. Det er veldig god driv i leigemarknaden for bedriftane for tida, seier Hauge.

Talet på stordabuar frå alle EØS-land har fått ned frå 1171 innbyggjarar til 839 i fjor.

Det betyr at sjølv om det har vore nedgang i folketalet på Stord, er det i hovudsak folk frå andre land som står for nedgangen.

– Konsekvens av bruk av bemanningsselskap

Ordførarkandidat for Raudt på Stord, Rose Maiken Flatmo, meiner tala viser at industriverksemdene nyttar seg stadig meir av bemanningsføretak. Dei fleste av desse arbeidarane går på rotasjonsordning og pendlar til og frå Stord, og vil difor ikkje bidra med skatteinntekter til Stord kommune.

– Politikken med frislepp av bemanningsselskap og fri flyt har gjort at fleire utanlandske arbeidarar som jobbar på Stord er tilsett i desse selskapa. Då er dei i ein rotasjonsordning som gjer at dei jobbar i to veker, og kan vere tre veker i heimlandet sitt, som Polen.

Det har ikkje vore mogleg for Stord24 å finne tal på kor mange framandarbeidarar på Stord som jobbar i bemanningsbyrå. Men det er kanskje illustrerande å sjå på det polske bemanningsbyrået Sec Norge AS, som blir drive frå Stord. Selskapet omsette i fjor for 145 millionar kroner, og er oppført med 372 tilsette.

Rose Maiken Flatmo toppar Raudt si liste på Stord. Foto: privat

– Kan fint kombinere med pendlarliv

Flatmo, som til dagleg er organisasjonsarbeider i Fellesforbundet Hardanger/Sunnhordland, peiker på at framandarbeidarane får høve til å jobbe lange dagar, noko som gjer at dei ikkje treng å busetje seg på Stord.

– Når det er mogleg å jobbe slik at ein jobbar 10-11 timar kvar dagar i to veker, er det noko folk fint kan kombinere med eit familieliv i heimlandet sitt. Då blir det ikkje noko motivasjon for å busetje seg her.

Fellesforbundet i Hardanger/Sunnhordland har tidlegare vedteke å forby bruk av bemanningsføretak i industrien

Ho peiker også på at å vere tilsett i bemanningsselskap gir ein mindre økonomisk tryggleik enn å vere fast tilsett i ei produksjonsbedrift.

– Det andre momentet er usikkerheita for kor lenge dei har arbeid. Då blir motivasjonen og moglegheita for å flytte til Stord med familiane vanskelegare. Ektefeller vil ikkje ta den sjansen. Då blir det lettare å vere aleine utan mann i heimlandet enn å følgje med til Norge.

– Viktig årsak til dårleg kommuneøkonomi

Rådmannen i Stord kommune har tidlegare sagt at dei har forventa ein større skatteinngang i budsjetta dei siste par åra, spesielt når arbeidsløysa på Stord er på det lågaste på mange år. Flatmo trur talet på arbeidarar i rotasjonsordning er ein viktig årsak til den dårlege kommuneøkonomien.

– Eg er ikkje tvil om at dette er ein del av årsaka til den dårlege kommuneøkonomien. Ein går glipp av mykje skatteinntekter ved å ha så mange i rotasjonsordning i staden for at dei flyttar til Stord og bidrar.

Flatmo meiner Stord kommune bør gå saman med fagforeningane og industribedriftene på Stord for å lage ein handlingsplan for å få fleire til å flytte til Stord.

– Ein burde fått til eit opplegg der ein hadde oppmoda utanlandsk arbeidskraft til å busetje seg på Stord, få fast tilsetting og fått dei til å ta med seg familiane sine her. Ein kunne då tenkje seg eit samarbeid med kommunen og NAV om relevant kvalifiseringsopplegg dersom ein blei permittert, der ein då kunne fått prioritert jobb ved nye oppdrag.

Stort klimaproblem

Raudt-politikaren peiker på at det ikkje berre får økonomiske konsekvensar at det er så mange framandarbeidarar i rotasjonsordning som jobbar på Stord.

– Det er eit forfedeleg klimaproblem at tusenvis av arbeidarar flyr fram og tilbake annankvar veke med fly. Det er det ingen som snakkar om. Og så køyrer dei gjerne rundt i gamle dieselbilar. Transportutsleppa ved denne ordninga er eit miljøproblem utan like.

– Kva ansvar meiner du Stord kommune har for dette?

– Dette kan ikkje vere i Stord kommune si interesse at det er slik, og ei sak kommunen godt kan ta initiativ til å få på agendaen. Eg er sikkert på at mange fleire hadde busett seg her dersom ein såg moglegheit for det og fekk meir informasjon.

– Eg synest dette spørsmålet er veldig viktig for Stord. Både med tanke på skatteinntekter, korleis å fleire folk til å busetje seg her og samanhengen med klimautsleppa.

Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Industrien er avhengig av innleige

Ordførar i Stord, Gaute Epland (Ap), deler bekymringa frå Flatmo, men peiker på at industrien i Sunnhordland er avhengig av midlertidig arbeidskaft frå utlandet.

– Me veit at industrien vår er avhengig av å leige inn arbeidskraft for å ta inn toppane. Industrien vår opererer i ein internasjonal marknad med skiftande konjukturar.  Difor er det behov for den fleksibiliteten innleigd arbeidskraft gir.

Epland stiller seg likevel positiv til forslaget frå Raudt-politikaren om at kommunen kan gjere ein innsats for å prøve å få fleire framandarbeidarar til å melde flytting til Stord.

– Eg er ikkje ueinig i det. Eg synest det er eit konstruktivt forslag. Me tek gjerne initiativ til å få fleire til å busette seg her. Ingenting ville ha gleda meg meir.

Ap-ordføraren trur ein del av nedgangen i folketalet på Stord dei siste par åra skuldast at det er ein treigheit i systemet etter oljekrisa i 2015.

– Då oljekrisa kom drog dei enten heim eller blei verande på Stord for å få sosiale ytelsar. Me ser at dei som ut frå statistikken har forlate kommunen dei siste åra, i all hovudsak er menn mellom 30 og 60 år heimehøyrande i Litauen, Romania og Polen.

– Det er difor nærliggjande å forklare nedgangen i folketalet med reduksjonen som kom i 15-16. Så me har nok ikkje hatt ein reell nedgang i folketalet dei siste to åra, men eit statistisk etterslep, seier ordføraren.

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal. Foto: Camilla Aadland/Sysla

 

 

Meiner Flatmo bommar

Men kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, trur ikkje det er eit så stort samsvar mellom bruk av innleigd arbeidskraft og skatteinntektene til kommunen som Flatmo i Raudt skal ha det til.

– Så vidt eg kjenner til er det ikkje endringar i skattereglane for innleigd arbeidskraft, så eg har vanskar med å sjå korleis det skulle påverke skatteinngangen i kommunen. Så eg trur ho bommar litt.

– Men det som kanskje påverkar skatteinntektene er at me tidlegare har hatt kundar og konsulentar som har busett seg på Stord fordi dei har kome langvegsfrå.

Naustdal peikar på at det i dag er Equinor som er den klart største kunden til Kværner, og at det dermed ikkje er mange som melder flytting til Stord.

– Dei flyttar jo ikkje til Stord, dei berre pendlar frå andre stadar i Norge, og så skattar dei til heimkommunen sin. Før har me til dømes hatt ein del kundar og konsulentar frå land som Skottland og Spania som har meldt flytting og som har betalt skatt til Stord kommune.

Naustdal stiller seg likevel positiv til Flatmo sitt forslag om å gå saman for å få fleire framandarbeidarar til å flytte til Stord.

– Me er alltid positive til å trekkje til oss fleire. Me har i mange samanhengar snakka om at det er viktig at Stord er ein attraktiv plass å leve og bu, for då blir me også ein attraktiv arbeidsplass, seier Naustdal.

- Annonse -