Aktor Tore Kulstad (t.h.) la ned påstand om 19 års forvaring for 51-åringen då saka gjekk for Sunnhordland tingrett. Det held han fast ved i ankebehandlinga. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Under ankebehandlinga la statsadvokat Tore Kulstad ned same påstand i den svært alvorlege overgrepssaka som gjekk for Sunnhordland tingrett i fjor.

51-åringen blei dømt til 19 års fengsel i fjor, for svært grove og langvarige valdtekter mot si eiga dotter, og vald og trugslar mot resten av familien.

Aktor ville derimot ha forvaringsdom for mannen.

– Straffa skal speile det totale omfanget av det dei fornærma har vore utsett for, og det er det som er vanskeleg her. Dette er så massivt at det er vanskeleg å finne samanliknbar rettspraksis, sa Kulstad.

Den dømte mannen valde å anke saka, som nyleg har gått for Gulating lagmannsrett. Haugesunds Avis skriv at aktor i sluttprosedyren haldt fast på ønsket om ein forvaringsdom på 19 år, med ei minstetid på 12 år.

Kulstad meinte 51-åringen ikkje har noko truverde, og viste til at han har endra forklaringa si fleire gonger.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det styrker dottera si forklaring at tiltalte har endra forklaring undervegs. Han har ikkje truverde. I tillegg har han sett fram påstandar som det ikkje er noko fornuftig grunn til å tru på. Retten må sjå vekk i frå tiltalte si forklaring, sa Kulstad i sluttprosedyren, i følgje avisa.

Mannens sin forsvarer, advokat Trond Hjelde, sa retten måtte frikjenne klienten hans for overgrepa, og meinte forklaringa til dottera var «for god» til å vere sann.

Forvaring kan berre dømmast farlege tilreknelege lovbrytarar når ein ordinær tidsavgrensa fengselsstraff ikkje er tilstrekkeleg for å ivareta samfunnsvernet.

Forvaring kan idømmes farlige tilregnelige lovbrytere når en ordinær tidsbegrenset fengselsstraff ikke anses tilstrekkelig til å ivareta samfunnsvernet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -