Foto: Fjelberg Kraftlag
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Analytikar meiner Haugaland Kraft betalar 80 millionar kroner for lite for det vesle kraftlaget i Kvinnherad.

Fjelberg kraftlag inngjekk i vår ein intensjonsavtale om å bli fullintegrert med Haugaland Kraft. Torsdag skal fusjonsplanane avgjerast.

Dersom avtala blir vedteken vil kraftlaget sin aksjepost i SKL på 2,97 prosent bli overført til Haugaland Kraft.

Med tilsvarande gjennomførte avtalar med Fnnås Kraftlag og Fitjar Kraftlag vil Haugaland Kraft no gå frå 43 prosent eigarskap i SKL til 57 prosent. Dermed manglar dei berre dryge seks prosent av aksjane før dei i prinsippet kan gjere som dei vil med framtida til SKL.

Meiner kraftlaget sel seg billig

Ein kraftmarknadsanalytikar som NRK Hordaland har snakka med meiner likevel at Haugaland Kraft byr alt for lite pengar for Fjelberg kraftlag

– Dersom ein hadde gått breitt ut i marknaden med SKL-aksjeposten og fått realisert ein god pris for denne isolert sett, så kan bodet frå Haugaland Kraft ligge opp mot 20 prosent under reell verdi, seier vasskraftanalytikar Roger Grøndahl i Cloudberry Advisory.

- Annonse -
- Annonse -

Han meiner det ikkje har kome klart nok fram at SKL-aksjane utgjer det meste av verdiane i selskapet, og viser til at SKL er eit svært lønsamt vasskraftselskap.

- Annonse -

– Spørsmålet er kvifor ein skal selje desse aksjane til marknadsverdi når ein like gjerne kan behalda dei og få utbyte, seier Grøndahl til NRK.

Kan få pengane rett i lomma

I følgje avtaleutkastet skal eigarane av Fjelberg Kraftlag få aksjar i Haugaland Kraft til ein verdi av 310 millionar kroner.

Desse aksjane skal seinare kunna løysast inn innan eitt år, noko som kan gjere at dei 970 straumabonnentane kan få utbetalt heile selskapsverdien rett i lomma.

Analytikaren meiner altså at verdien burde vore 80 millionar kroner høgare.

- Annonse -